POLITIREFORM: – Det er greit å vera skuffa, men det er ikkje greit at ein toppleiarar som fylkesordførar Åshild Kjelsnes, går ut med at Sogn og Fjordane kan bli mindre trygt, seier Noralv Distad, fylkesordførarkandidat for Sogn og Fjordane Høgre. Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no
meiningar
POLITIREFORM: – Det er greit å vera skuffa, men det er ikkje greit at ein toppleiarar som fylkesordførar Åshild Kjelsnes, går ut med at Sogn og Fjordane kan bli mindre trygt, seier Noralv Distad, fylkesordførarkandidat for Sogn og Fjordane Høgre. Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no
meiningar

Eit tryggare Sogn og Fjordane

Les kommentaren til Noralv Distad, fylkesordførarkandidat for Sogn og Fjordane Høgre om politi og beredskap. 

  • Endret

Høgre vil alltid arbeida for at Sogn og Fjordane skal vera eit fylke med gode og  trygge lokalsamfunn. Eit trygt fylke kan bli endå tryggare gjennom tett beredskapssamarbeid mellom kommunar, stat, fylkeskommune og frivillige. Me kan vera nøgde eller misnøgde med reformer og endringar, men ingen kan vera friteken frå å setja innbyggjarane sine behov i sentrum og heile tida arbeida for best moglege løysingar. Det er greit å vera skuffa, men det er ikkje greit at ein toppleiarar som fylkesordførar Åshild Kjelsnes, går ut med at Sogn og Fjordane kan bli mindre trygt.

Beredskap må byggja på to hovedpilarar; den lokale nær innbyggjarane og den regionale og sentrale som skal syta for overordna planar og stilla kompetanse og andre ressursar til disposisjon.  Lærdomen etter brannar og naturkatastrofar er at den lokale beredskapen er heilt avgjerande for å vera raskt på plass og utføra livreddane innsats. Samtidig treng ein støtte og ressursar utanfrå til redningsarbeid og koordinering av innsats. Ressursane må finna kvarandre, noko som må vera forankra i planar og som det må øvast på.

Høgre vil jobba for at politireforma gjev praktiske resultat i form av meir nærpoliti og sterke kompetansemiljø i Sogn og Fjordane.  Me treng fleire politistillingar, og sterke fagmiljø framleis lokalisert til Florø. Dette kan me få til med basis i den nye reforma, om me har fokus på mulegheiter og ikkje på problem. Andre reformer må ha same innretning; sterkare lokal innsats og kort responstid, i kombinasjon med regional  og statleg støtte.

Sivilforsvaret og Heimevernet yter svært verdifull hjelp i krisesituasjonar. Det er positivt at dei no legg opp til å auka sitt engasjement.  Dei frivillege, som Røde Kors og Norsk Folkehjelp, har gong på gong vist kor viktige dei er i samband med kriser og ulukker. Høgre er glad for at fleire frivillege organisasjonar no opplever god rekruttering.

Høgre vil gje arbeidet med beredskap høg prioritet både i kommunar, fylke og nasjonalt. Koordinering, rolleavklaring og øving er nødvendig for å gjera samfunnet tryggare og best muleg førebudd på alvorlege hendingar. Innbyggjarane i fylket bur spreidd,  det stiller krav til desentralisert beredskap for brann, politi og ambulanse.

Høgre vil sjølvsagt også ha auka fokus på førebygging. Dette må stå sentralt i kommunane, hjå politiet og i helsevesenet.  Me må  gjera alt ein kan for å hindra skader, kriminalitet, ulukker og katastrofar. Samtidig må me vera topp budde når ulukka er ute. 

Noralv Distad​, fylkesordførarkandidat for Sogn og Fjordane Høgre

Til toppen