Eit viktig spørsmål om openheit
meiningar
meiningar

Eit viktig spørsmål om openheit

LEIAR: Éin ting er at Annike Vanberg (SV) føler seg sjikanert, men eit større problem er det at ho ikkje får svar på noko som bør vere ganske uproblematisk å svare på.

Annike Vanberg (SV) er ein relativt fersk politikar i Lærdal. I slutten av november stilte ho eit par spørsmål rundt kva praksisar og føringar som finst for heimekontor og reisetid hjå dei øvste administrativt tilsette i kommunen.

Ein kan jo forstå at dette kanskje kan opplevast som litt vel påtrengande, og kanskje spesielt i ei tid der kommuneøkonomien er trang. Det er nok mange som står på ekstra hardt, og som mogleg ikkje skriv den overtidstimen sjølv om dei har krav på han.

Når spørsmålet då kjem, blir også reaksjonen deretter, men det er i grunnen ikkje det viktigaste i denne saka.

For det er eit mykje større problem når ein folkevald, sug på det ordet eit sekund, lurer på korleis offentlege midlar vert forvalta, og ikkje får svar – og har framleis ikkje fått det, såvidt Porten.no er bekjent.

I forkant av kommunestyremøtet i desember, vart e-postkorrespondansen tatt opp på eit lukka formannskapsmøte. Igjen, denne lukkinga. Dette er kort og greitt problematisk.

Hadde ein halde dette møtet ope, ville ein truleg ha fått rydda opp der og då. Det hadde vorte medieoppslag då også, men stormen ville etter alt å døma ha vore over ganske kjapt. For i små samfunn er det nesten naivt å tru slike saker ikkje vil koma for ein dag. Difor har det vorte seigpining og ein djupare konflikt som kan koma til å vara mykje lengre i staden.

Verre blir det når svaret som kjem tilbake er usakleg og vert opplevd som sjikanerande for Vanberg. Det er verdt å merke seg at det gjekk ganske mange dagar frå spørsmåla vart sendt til motsvaret kom, så betenkningstida er god. Det er ganske enkelt ikkje godt nok, sjølv om ein er irritert og frustrert. 

Moglegvis kan ikkje Vanberg krevja å få svar på slike spørsmål over e-post. Moglegvis bør det reisast som sak i administrasjonsutvalet. Men kvifor då ikkje svara berre nettopp det, på ein hyggeleg måte?

Og kanskje reaksjonen også kan tolkast som at det ligg noko i spørsmåla Vanberg stiller?

Det er ikkje sikkert dette er eit problem. Det kan godt hende at dette berre er snakk om småsummar som ikkje vil utgjere den store forskjellen, men det er eit prinsipp om openheit her som det er verdt å ta ein diskusjon på. 

Lærdal kommune skal overleva eit år med eit svært stramt budsjett, dei har vedteke ei kjempeinvestering ved Lærdal bu- og omsorgsheim som vil skapa furore om den ikkje gir dei driftsinnsparingane som er førespegla – og dei har ei kjempeutfordring med å landa Håbakken næringspark på ein god og fredfull måte. Då er det siste ein treng i kommunen konfliktar av denne sorten. Lat oss håpa ordførar og rådmann klarar å skapa ro i rekkjene i det vidare, for det er nesten dei som må ta tak i dette.

Til toppen