KOSTE SEG: I helga var Bornas turlag på tur frå Stuvane til Bjødnabåsane. Som ein ser av biletet var det hasselnøtt å finne i naturen. Foto: Privat.
KOSTE SEG: I helga var Bornas turlag på tur frå Stuvane til Bjødnabåsane. Som ein ser av biletet var det hasselnøtt å finne i naturen. Foto: Privat.

Eit viktig utetilbod til ungane

Aktiviteten i Bornas turlag i Lærdal er god. I helga gjekk turen frå Stuvane til Bjødnabåsane.

Lærdal: På den 1,4 kilometer lange merka stien opp på 210 meter var det 17 born og 12 vaksne med i helga.

Denne gongen var det ikkje noko tema for turen, men Olav Ødegard kan fortelja at ungane har det kjekt likevel.

– Dei kosar seg og finn på andre ting. Dei plukka hasselnøtter og knuste desse og drakk kakao. Generelt sett var det ein veldig fint tur, seier han.

Les også: Emmas store turdag på Maristovedilten

VIKTIG TILBOD: Olav Ødegard i Bornas turlag meiner det er viktig å læra ungane til å bli glad i naturen.
VIKTIG TILBOD: Olav Ødegard i Bornas turlag meiner det er viktig å læra ungane til å bli glad i naturen.

Denne gongen var det altså 17 ungar med, noko som er litt under snittet på rundt 20 born per tur. Ødegard fortel at dette går litt opp og ned, men understrekar kor viktig det er med eit slikt tilbod.

– Det handlar først og fremst om å læra ungane å trivast ute i naturen. Mange av turane er berre vanlege turar, men me har også tematurar, der me plukkar bær og overnattar.

– Det heile dreier seg om å vera ute i naturen, kosa seg og bli kjend med nærområdet. Og så er mykje meir enn det også, men det handlar litt om kor ein skal leggja lista. Det er ikkje speidaren dette, men me prøver å få til borna til å bli glad i å bruka nærområdet. 

Til toppen