EITT ÅR: 13. november er det eitt år sidan Porten.no fekk nye nettsider for å møte nye tider i mediebransjen. Redaktør Truls Grane Sylvarnes er nøgd med utviklinga.
EITT ÅR: 13. november er det eitt år sidan Porten.no fekk nye nettsider for å møte nye tider i mediebransjen. Redaktør Truls Grane Sylvarnes er nøgd med utviklinga.

Eitt år sidan Porten.no fekk ny drakt

Fredag er det nøyaktig eitt år sidan Porten.no fekk nye nettsider. 

  • Endret

Porten.no er for mange ein del av den daglege rutinen, og denne rutinen fekk ein ny utsjånad for eit år sidan då nettavisa fekk heilt nye nettsider etter tre månader med intens jobbing.

Sommaren 2014 kjøpte Årdalsnett AS opp nettavisa for å styrke satsinga på lokale nyhende. 

– Eg er veldig nøgd med korleis året har gått. Eg har sagt at dette er eit prosjekt me skal bygge stein for stein, og målet vil alltid vera det same. Det er at alle som blir berørt av det me skriv om, skal velja Porten.no først når dei er ute etter gode historier eller siste nytt, seier redaktør Truls Grane Sylvarnes.

Satsinga har blitt lagt merke til. Stadig fleire les nettavisa og lesartalet har auka veldig det siste året. 

– Eg håpar og trur det skuldast hyppigare oppdateringar, god kvalitet på innhaldet og ein fin presentasjon av artiklane. Dei nye nettsidene er mellom anna mobilvenlege, noko som gjer det langt enklare å få med seg siste nytt. Hugs at du alltid går med nyhende i lomma, seier Sylvarnes. 

– Det er sjølvsagt gledeleg at mange les det me skriv, og me veit at det ikkje berre er lærdøler og årdøler, men også folk i nabokommunar og utflytte sogningar. Me prøver å tilby stoff som interesserer og fenger lesarane, og som gjerne skapar diskusjon blant folk.

Sylvarnes ønskjer å takka alle som sender inn tips og idear til saker og seier han håpar folk vil halde fram med det i framtida også.

– Det er utruleg flott at folk tipsar oss om det som skjer. Til tider er det faktisk så mykje at me rekk ikkje over alt. Sjølv om det er leit, er det også veldig bra fordi det betyr at ting rører seg i lokalsamfunnet og folk er opptekne av å fortelja om det. 

– Eg vil understreka at me stadig jobbar med å bli betre, både når det gjeld innhald, men også som nettavis generelt. Det gjeld sjølvsagt lesarane, men også dei som annonserer hjå oss. Me vil vera alle innbyggjarar og bedrifter sin foretrekte informasjonskanal.

Kva synest du om det siste året med Porten.no? Kom gjerne med konstruktive tilbakemeldingar i kommentarfeltet under eller send dei til ts@porten.no.

Til toppen