ENGELSKE INNSLAG: Joey Sinton og Brett Fellows er tilbake i Årdal, og begge var i aksjon mot Spjelkavik. Foto: Siren B. Svortevik.
ENGELSKE INNSLAG: Joey Sinton og Brett Fellows er tilbake i Årdal, og begge var i aksjon mot Spjelkavik. Foto: Siren B. Svortevik.

Eitt poeng med to engelske innslag

Årdal FK og tabelltoar Spjelkavik fekk med seg kvar sitt poeng etter kampen som enda 2-2 på Jotun stadion i dag. Begge dei to engelske spelarane fekk spela.

Årdal – Spjelkavik 2-2

– Denne sjansen vil me utnyttta til fulle, seier dei to etter kampen.

Årdal FK hadde ei pangopning, og var oppe i 2-0 berre etter 12. minuttar. Spjelkavik vakna etter dette, og reduserte til 1-2 fire minutt før pause.

Utlikningsmålet kom midt i andre omgang, dette trass i at bortelaget spelte med èin mann mindre dei siste 30. minuttane. Emil Viddal fekk då direkte raudt kort etter han felte Cristian Stedje som bakerste mann.

RAUDT KORT: Årdal FK fekk ikkje utnytta at bortelaget sin Emil Viddal fekk direkte raudt hjå dommar Johnny Skjerven i det 60.minutt.
RAUDT KORT: Årdal FK fekk ikkje utnytta at bortelaget sin Emil Viddal fekk direkte raudt hjå dommar Johnny Skjerven i det 60.minutt.

– Litt surt, men...

Årdal hadde fleire sjansar i regnvêret, men det stoppa på 2-2. 

– Me opna bra, og var klar over at styrken deira var dødballar. Litt surt at me difor inviterte dei litt for ofte, slik at dei skåra på nettopp to dødballar, men det var rett og slett berre slurvefeil, seier trenar Ivan Øy til Porten.no etter kampen.  

Han understrekar at han likevel er svært godt nøgd med at spelarane hanka inn eitt poeng mot eit lag som trass alt ligg som nummer to på tabellen. 

OPPVARMING FØR KAMPSPEL: Engelske Brett Jason Fellows (20) og årdølen Terje Kvam Øvstetun har blitt lagkameratar.
OPPVARMING FØR KAMPSPEL: Engelske Brett Jason Fellows (20) og årdølen Terje Kvam Øvstetun har blitt lagkameratar.

Brukte begge engelske spelarane

Engelske Joe Sinton (20) som gjorde eit "comeback" førre veke, spelte heile kampen i 10-arrolla si. Kompis og nykomar Brett Jason Fellows (20) fekk spela det siste kvarteret på midtbana.

– Eg har sansen for desse gutane. Også nykomaren Brett har eit godt fotballhovud, og det skal bli spennande å følgja med på han utover hausten, seier Øy.

Vil gripa sjansen 

– Eg har berre vore på to treningar, så eg vart litt overraska da eg fekk spela ja, smiler nykomar Brett Jason Fellows etter kampen. 

Han er strålande gild for at Årdal FK gir han denne sjansen. 

– Eg får vel ikkje fleire slike muligheitar i livet, og eg er hundre prosent innstilt på å utnytta denne ut sesongen. Eg stortrivst allereie, laget spelar godt og menneska er kjekke. Det å få spela på ei bane som ligg "midt i denne vakre naturen" er uvant, men fantastisk flott å oppleva, seier han til Porten.no.

Til toppen