Sogndal/Aurland: Ein John Deere som vart stolen på Reed i Nordfjord tysdag 19.juli dukka opp att i Sogndal i ettermiddag. Dette etter tips frå publikum. Ein ungdom i slutten av tenåra er mistenkt og pågripen, twitrar politiet.
Politiet i Sogn og Fjordane opplyser til Porten at dei ikkje kjenner til at den andre traktoren som har vore stolen – ein Massey Ferguson som forsvann frå Kaupanger for ti dagar sidan, den 11.juli – er komen til rette.
Vidare køyrde ein utanlandsk buss i Aurland ned eit skilt klokka halv sju i kveld. Dette vil bli anmeld, twitrar politiet.