Per Stensland
Per Stensland (Foto: Ragne B. Lysaker/Senterpartiet)

Eittåring send heim frå legevakta to gongar med feber og kramper

No rettar fylkeslege Per Stensland ein skarp peikefinger mot den eine av dei to legane i saka, medan den andre vil få saka vurdert av Helsetilsynet.

Leikanger: To gongar på tre dagar vart dei uroa foreldra avviste då dei møtte på legevakta. Eittåringen deira hadde fått kramper, oppkast og feber etter ei vaksne.

– Fylkesmannen ser alvorleg på saka. Når barnet er eitt år og foreldra meiner det har alvorlege symptom, skal barnet undersøkast. Når foreldre gjentekne gonger tek barn til legevakta for akutt sjukdom, må legen vurdere ekstra grundig. Me meiner at barnet burde vore innlagd på sjukehus straks, skriv fylkeslege Per Stensland i ei pressemelding på heimesidene til Fylkesmannen.

To legar er no i kritisk søkelys for måten dei tok imot den sjuke eittåringen på legevakta. Det er ikkje skildra når eller kvar i fylket dei to omtala episodane skjedde.

Den første legen fekk sjukehistoria referert, men sende ungen heim utan å sjå til han. Den andre legen undersøkte eittåringen tre dagar etter første legebesøk. Ungen var framleis medteken, men legen valde å ikkje legga pasienten inn på sjukehus.

– I den første hendinga har Fylkesmannen konkludert med at legen ikkje gav fagleg forsvarleg helsehjelp. Legen får kritikk for å ikkje ha sett til pasienten og for å ha sendt barnet heim. Saka mot den andre legen vil bli behandla av Statens helsetilsyn, skriv fylkeslegen.

Til toppen