Ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes. Foto: Synne Asheim Haga.
meiningar
Ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes. Foto: Synne Asheim Haga.
meiningar

#eittminutt: Avisa si rolle i lokalsamfunnet

KOMMENTAR: Eg ber deg inderleg om å gjere opp ei meining basert på fakta.

Pressa er under voldsomt trykk. Fake news, falske nyheiter, klikk, annonsar, pengar, meiningar. Kva er rett og kva er gale? Aldri har det vel vore vanskelegare å skilja sanning frå oppspinn. Til og med journalistar går i den fella av og til.

Ein ser det kvar dag omtrent, spesielt i sosiale media. Utrulege historier med lokkande titlar frå nettsider med rare namn. Folk deler gladeleg og bidreg til å spreie desse historiene vidare. Utan å tenkje klikkar dei på «del». 

Til og med politiske parti utnyttar sosiale media. Det siste dømet med Senterpartiet som endra tittelen på ei sak frå Dagbladet på Facebook er diverre ikkje det einaste, men heldigvis eitt av få.

Og så har ein trolla. Dei endelause rekkene med troll, som gøymer seg bak falske profilar, som vankar på nettsider som berre speglar deira eigne meiningar, som vel vekk meiningar som provoserer, eller går til knallharde verbale angrep. Kommentarfelta kan vere smertefulle å lese til tider. Og nei, det er ikkje berre enkeltpersonar her og der eller sosiale utskot som kommenterer. Det er ingeniøren, reinhaldaren, skuleeleven, den arbeidsledige, fotballtrenaren og den snille dama i nabohuset. Det er til å bli skremt av.

Dette er berre tre av mange døme på kvifor pressa er så viktig – spesielt i lokalsamfunnet. Dersom ikkje me sjekkar postlistene, stiller opp på kommunestyremøta, sjekkar historiene og stiller spørsmåla, kven skal då gjere det? 

Porten.no er i likskap med dei fleste andre aviser i Noreg sikra ei fri og uavhengig rolle. Redaksjonen og eigarane våre har forplikta seg til Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten. Av det kviler det eit stort ansvar på våre skuldre.

Kvar dag er det aktørar som prøver å påverke oss. «No må du skrive fint om oss». «Dette er positivt». Vel, vår oppgåve er å spegle røynda slik ho er.

Men det er ikkje alltid media lykkast med det. Pressa er ikkje unnateke kritikk – og det med rette. Også pressa vert skulda for å vera ein formidlar av falske nyheiter eller partiske innlegg. Den kritikken skal alle som jobbar i denne bransjen ta på høgste alvor og gjere noko med.

Med sosiale media kan ein velje vekk det ubehagelege, det provoserande. Det kan ein ikkje, og det skal ein heller ikkje ha sjansen til med pressa. Her skal det vere eit mangfald, både i form av meiningar og saker. For meg skal Porten.no vere ein møteplass for lokalbefolkninga, der alle skal føle at dei vert høyrt og er synlege.

I journalistikken vår skal fakta og informasjon vere eit grunnlag for meiningane. På denne måten kan også du gjere deg opp ei eiga sjølvstendig mening med vissheit om at den er basert på nettopp fakta.

Slik skapar ein tillit. 

Bruk #eittminutt for å forstå kvifor ei fri og uavhengig presse er viktig.

Les meir om kampanjen her

Til toppen