TAKKAR FOR SEG: Etter tre år i Porten.no og Årdal, set Truls Sylvarnes no kursen austover.
TAKKAR FOR SEG: Etter tre år i Porten.no og Årdal, set Truls Sylvarnes no kursen austover. (Bilde: Porten.no)

Eks-redaktøren trur nettavisa vil greie seg utan han

– Eg trur og håpar at grunnlaget som er lagt for Porten.no dei siste tre åra er nok til at dette vil gå heilt fint, seier Truls Sylvarnes, ei veke etter at han gav seg i stillinga.

Årdal: I 2014 tok han, som ein av landets yngste redaktørar, over ansvaret for Porten.no. På tre år har lesartala tredobla seg

Men ikkje utan innsats.

– Eg har bokstaveleg tala jobba kvar einaste dag og har alltid vore tilgjengeleg. No er eg klar for å få litt meir rutiner på ting, men først og fremst har eg lyst til å prøva noko nytt, seier Sylvarnes.

Gler seg til nye oppgåver i ny jobb

No blir det nokre veker ferie, før han 1. november tek med seg flyttelasset til Elverum og startar på jobben som digitalleiar i Østlendingen.

– Eg gler meg utrulig mykje til den nye jobben min, der eg skal få bruka meir tid på det eg hadde altfor lite tid til i Porten.no, nemleg å sjå på kva som ligg bak tala og prøva å finna ut kvifor noko blir godt lese og noko anna ikkje. Til sjuande og sist er det dette det handlar om – å laga god journalistikk som folk vil lesa og aller helst betala for, seier Sylvarnes. 

For han har dei tre siste åra først og fremst vore lærerike. Frå å rekne seg sjølv som ein rein sportsjournalist, har han i møte med lokaljournalistikken fått auga opp for politikk og samfunnsutvikling. Samstundes er han stolt av det han har oppnådd, saman med journalistkollegaer og frilansarar.

– Det fine er at Porten.no berre kan bli betre i mine augo, seier Sylvarnes.

Trur nettavisa vil greie seg, trass mannefall

Avgangen til redaktøren kom ikkje lenge etter at journalist i Lærdal, Ole Ramshus Sælthun, òg bytte beite. I løpet av oktober vil erstattaren vere på plass, likevel er det mange som spør seg korleis det vil gå med nettavisa med dei to berebjelkane ute. 

– Eg trur og håpar at grunnlaget som er lagt for Porten.no dei siste tre åra er nok til at dette vil gå heilt fint, sjølv om det blir med ein journalist mindre ein periode. Så lenge ein jobbar hardt, så vil ein få betalt for det før eller seinare. Det trur eg verkeleg på, seier Sylvarnes.

Han gjentek at det til tider har vore ei krevjande stilling, med nokre tøffe tak innimellom. Likevel er det ikkje med lett hjarte han forlet redaktørstolen.

–  Det var overraskande trist å gi seg. Eg må innrømma at eg tidvis er lut lei, slik sikkert alle er jobben sin, men så dukkar det opp ei spennande sak, eller eg slår konkurrentane på noko, og då er eg på topp igjen. Det var heilt forferdeleg å gå på Ikea når statsbudsjettet vart lagt fram, seier Sylvarnes.

Til toppen