Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Eksamensresultat over snittet i fjordfylket

..men i eitt fag låg grunnskuleelevane under landssnittet.

Dei førebelse resultata etter eksamen i dei skriftlege eksamensfaga syner at elevane i Sogn og Fjordane, samanlikna med dei andre fylka, har gode resultat i engelsk, matematikk og norsk sidemål. I norsk hovudmål ligg elevane i år under landssnittet, skriv Fylkesmannen på sine nettsider.

Slik ser det ut for eksamensresultata her i fylket kontra landssnittet:

Eksamensresultat grunnskulen

Fag Lands-snitt Snitt i Sogn og Fjordane
Engelsk 10. årstrinn, skriftleg 3,5 3,7
Matematikk 10. årstrinn 3,3 3,5
Norsk hovudmål 10. årstrinn, skriftleg 3,6 3,4
Norsk sidemål 10. årstrinn, skriftleg 3,2 3,5

 

Til toppen