Sogndal: – Den auka problematikken med juks på teoriprøver gjer at Statens vegvesen må sette i gang tiltak som kan hindre dette. Eitt av tiltaka er at det til kvar tid skal vere ein eksamensvakt i rommet når det blir halde teoriprøve. Dette har vore praksis på store trafikkstasjonar og blir no også gjeldande på mindre stadar, seier avdelingsdirektør Jan Tore Odd i Region vest.
Konsekvensen av innføring av eigne eksamensvakter er at tilsette må omprioriterast frå andre oppgåver, samtidig som andre tenester dei tilsette utfører, skal skjermast.
– For å få dette til må vi redusere tilbodet på drop-in-teoriprøvar, seier Odd.
I mange år har teoriprøven vore open for drop-in kvar dag, men talet på dagar blir no redusert. (©NPK)