MOGLEG LOVBROT: Rådmannen innrømmer at dei burde ha fått på plass ein rammeavtale for kjøp av juridisk hjelp i barnevernssaker tidlegare.
MOGLEG LOVBROT: Rådmannen innrømmer at dei burde ha fått på plass ein rammeavtale for kjøp av juridisk hjelp i barnevernssaker tidlegare.

Ekspert på offentlege innkjøp meiner Sogndal braut lova

Sogndal kommune har gjort ulovlege direkte innkjøp av advokattenester i barnevernet, meiner ekspert. Rådmannen vedgår at dei burde lyst ut tenestene på anbod før, men seier unnlatinga har ei naturleg forklaring.

Sogndal: – Utifrå det du seier, så har dei brote lova, seier advokat Marianne Dragsten, partner i advokatfirmaet Synch.

KRITISK: Advokat Marianne Dragsten meiner Sogndal braut lova då dei kjøpte tenester frå advokatkontoret Amble, Hvidsten og Tysse for over 500.000 kroner årleg frå 2014-2016, utan at tenestene hadde vore ute på anbod. Foto: Synch Advokat

Ho har jobba med offentlege innkjøp i snart tjue år og skrive fleire bøker om emnet. I 2017 vart ho rangert som ein av dei tre beste i landet på fagfeltet i ei kåring av Finansavisen. 

Tala ho har blitt presentert, viser at Sogndal kommune over seks år kjøpte juridisk hjelp frå Advokatkontoret Tysse, Hvidsten & Amble for over 2,8 millionar, utan at tenestene vart lagde ut på anbod. Frå 2013 til 2016 låg summane på 575 300 kroner i snitt.

– Då skulle det ha vore ute på anbod, for grensa er på 500 000 per år. Sidan det har gått over fleire år, så burde kommunen ha visst at dei ville komma over dei summane. Då er det krav om at dei legg det ut på anbod, seier Dragsten.

Ho legg til at det òg skal vera konkurranse om advokattenestene sjølv om summen er under grensa. Det er berre ikkje naudsynt å lysa dei ut på Doffin.no, som er ein database for offentlege innkjøp.

At fleire kommunar har delt på rekninga gjennom Sogn barnevern er ikkje avgjerande, så lenge same organ har stått for innkjøpa, seier ho.

– Kor grovt er lovbrotet, når det berre er så vidt over grensa?

– Det er grovt likevel, særleg sidan innkjøpa har skjedd over så mange år. Hadde det vore eitt år, så kunne kommunen ha vore unnskyldt. Men når det har gått føre seg over tid, så er det grovt at dei ikkje lyser det ut, seier ho.

Dette er saka: 

  • Frå 2011 til 2016 fakturerte Advokatkontoret Tysse, Hvidsten & Amble Sogndal kommune for over 3,3 millionar kroner (utan meirverdiavgift), i hovudsak for juridisk hjelp i Sogn barnevern. Advokatkontoret har tatt på seg ei rekke enkeltsaker òg før 2011, men dei har me ikkje fått tal på. Først i 2017 vart tenestene lyste ut på anbod av kommunen.
  • Dei nære relasjonane mellom ein leiar i barnevernstenesta i Sogn og advokatkontoret som utførte tenestene, burde ha gjort kommunen ekstra merksame på behovet for konkurranse, meiner advokat Marianne Dragsten, ein leiande ekspert i Norge på offentlege innkjøp.
  • I 2014 passerte rekninga til advokatkontoret 700 000 kroner, noko som er godt over den lovlege grensa for direkte innkjøp på 500 000. I dei to påfølgande åra vart grensa òg passert, før rammeavtalen kom på plass i 2017.  
  • Advokaten Porten.no har snakka med, meiner dette er eit brot på lova om offentlege innkjøp.
  • Rådmann Jostein Aanestad innrømmer at dei burde ha lyst ut tenestene før, men forklarer det med den manglande kapasiteten som tidlegare har vore i tenesta som følgje av arbeidsmiljøproblem.
  • Straffa for ulovleg direkte innkjøp er eit gebyr på opp mot 15 prosent av kontraktsverdien. Fristen for å klaga inn brot er to år. Eit eventuelt gebyr vil dermed berre gjelda det som er kjøpt inn dei siste to åra.

Slik fordeler utgiftene seg år for år:

2011: 120 150
2012:
347 100
2013:
453 300
2014:
 716 250
2015:
 566 150
2016:
565 500
2017:
530 724 (I juli teikna kommunen rammeavtale med Tysse, Hvidsten og Amble)

Summane i tabellen er trekt frå meirverdiavgifta på 25 prosent.

Dersom andre advokatar har levert tilsvarande tenester til Sogn barnevern i perioden, forklarer advokaten, så må verdiane av desse takast med i reknestykket for når kunngjeringsgrensa er nådd. Overtrampet til kommunen er difor truleg klårare enn det som kjem fram i tala Porten.no har fått tilgang til.

Fekk liten respons då dei lyste ut advokattenestene

Først i februar i fjor gjekk Sogndal kommune ut i marknaden for å konkurranseutsetja den juridiske hjelpa, som hovudsakleg dreier seg om barnevern. Berre éin tilbydar melde seg: Advokatkontoret Amble, Hvidsten og Tysse, det same firmaet kommunen nytta seg av allereie. Kontrakten vart signert i juli 2017.

– Me skulle gjerne hatt på plass denne rammeavtalen tidlegare. Eg bad for så vidt om det før, men som mange kjenner til, så var det i ein periode i barnevernet ikkje kapasitet til anna enn å ha den daglege drifta gåande. Det vart prioritert framfor å få orden på desse avtalane, seier rådmann Jostein Aanestad.

– Ein ekspert me har snakka med, meiner de har brote lova. Kva er di vurdering?

– Då må eg i tilfelle gå gjennom saka grundigare. I utgangspunktet er det innafor lova å gjera fleire slike mindre innkjøp, som me har gjort. Men når det over tid summerer seg opp og går over grensene, så er det i det minste ønskeleg å få ein rammeavtale, slik me no har, seier rådmannen. 

– Luktar inhabilitet

Gjennom fleire år har det vore tette band mellom ein tilsett i Sogn barnevern og advokaten i det omtala advokatkontoret som utførte oppdraga. Først som sambuarar, i dag som gifte.

Dei nære relasjonane burde ha gjort kommunen ekstra merksame på behovet for konkurranse, meiner advokat Dragsten.

– Det luktar inhabilitet, sjølv om vedkomande ikkje nødvendigvis har hatt ansvar for å inngå kontraktar eller har gitt oppdrag, seier ho.

I 2011 vart barnevernspedagogen ny nestleiar i barnevernet. Dei påfølgande åra steig oppdragsmengda til advokatkontoret frå rundt 100 000 til rundt 700 000 i toppåret 2014.

I ein uttale skriv Advokatkontoret Tysse, Hvidsten og Amble at oppdragsmengda har variert ut frå talet på saker, og kapasiteten til kontoret. At dei representerer Sogn barnevern og ei rekke andre kommunar, har utelukkande samanheng med kontoret sin kompetanse og erfaring på området, skriv dei.

Rådmannen: – Har vurdert habiliteten nøye

Rådmann Jostein Aanestad seier dei har vurdert habiliteten til den tidlegare nestleiaren i tenesta grundig, og sikra at vedkomande ikkje gjer innkjøp frå firmaet der ektefellen eller sambuaren jobbar. Han minner òg om at det er tenesteleiarane som har fullmakt til å gjera innkjøp i kommunen.

– Det må vera mogleg for ein kommune å kjøpa tenester frå selskap der slektningar eller ektefelle til personar som jobbar i kommunen er tilsett. Viss ikkje vil det vera å diskriminera dei bedriftene det gjeld, seier han.

– Har vedkomande nokon gong gitt oppdrag til sin eigen ektefelle?

– Det er heilt ukjent for meg. Det har eg ingen grunn til å rekna med, seier Aanestad.

Til toppen