MEIR SAMARBEID?: Sogndal har ivra for samanslåing med nabokommunane på nordsida av Sognefjorden, men det heng i ein tynn tråd. Ekspert trur heller meir interkommunalt samarbeid kan bli resultatet av prosessen. Illustrasjonsfoto

Ekspert trur på meir samarbeid etter kommunereform

Mens regjeringa ikkje ser på samarbeid mellom kommunar som eit alternativ til samanslåing, kan det interkommunale samarbeidet auke kraftig etter reforma.

Sogndal/Årdal/Lærdal/Aurland: Mens kommunalminister Jan Tore Sanner (H) ønskjer seg samanslåingar, ser mange kommunar på interkommunalt samarbeid som eit reelt alternativ, skriv Nationen.

– Det er det det har stått om for mange, om ein skal slå seg saman eller satse på auka interkommunalt samarbeid. Og framover om ein får fleire oppgåver, må det blir handtert med auka bruk av interkommunalt samarbeid, seier Bent Aslak Brandtzæg i Telemarksforskning.

Ventar fordobling

SAMARBEIDER: Årdal samarbeider interkommunalt med Lærdal og Aurland innanfor fleire felt. Illustrasjonsfoto
SAMARBEIDER: Årdal samarbeider interkommunalt med Lærdal og Aurland innanfor fleire felt. Illustrasjonsfoto

Der har han ansvar for kommunereform og interkommunalt samarbeid, og han meiner arbeidet med reforma kan leie til meir samarbeid.

– Det er ein del kommunar som konkluderer med at dei har mykje samarbeid, men framleis har ein del å gå på.

Analytikar Geir Vinsand i NIVI «forventar ei fordobling» av samarbeidet etter reforma. Også statssekretær Paul Chaffey (H) i Kommunaldepartementet ser at det vil vere behov for kommunale samarbeid i kommunestrukturen i framtida. Han påpeiker samtidig at mange ulike samarbeid fort kan bli komplekse og uoversiktlege og meiner samanslåing vil styrke lokaldemokratiet.

– Samanslåing av kommunar sikrar betre folkevalt styring i ein større kommune. 

Til toppen