Lærdal: Sidan sommaren starta har Dyrevernlaget Indre Sogn hatt mykje å gjera, og seinast natt til fredag var dei ute for å redda ein sju veker gamal katt.
– Me begynte rundt klokka åtte, og klokka halv fire fekk me redda han. Kattungen hadde nok ikkje overlevd lenge slik som trailarane køyrer i området, seier Grethe Jevnaker.
Ho er styremedlem i Dyrevernlaget Indre Sogn, som er ein frivillig dyrevernorganisasjon med primært arbeidosmråde i dei seks kommunane Vik, Sogndal, Luster, Aurland, Lærdal og Årdal.
Rett frå hjartet
Torsdag sat leiaren av Dyrevernlaget Indre Sogn, Randi Aarethun, i solnedgangen på hytta si, og dingla med føtene. Ho var heilt fortvila over situasjonen.

– Det har vore jævlig, fordi det har vore slik pågang, seier Aarethun.
Fortvilelsen førte til eit innlegg på Facebook som kom rett frå hjarta hennar. Ho legg stor vekt på statusen til katten.
– Katten har ikkje nokon status, og er nedst på rangstigen. Den har ikkje status hjå dyrepolitiet eller mattilsynet. Mange som skaffar seg katt, veit ikkje kva det innebærer.
Ho pressiserer at det er naudt til å bli nokon endringar.
– Eg har ikkje myndigheit til å be folk om å skippe eller sterilisere katten sin. Difor må det bli lovpålagt med sterelisering og kipping, seier Aarethun til Porten.no.
Treng hjelp
Både Jevnaker og Aarethun fortel at at heimlause kattar er eit like stort problem i Sogn som i resten av landet.
– For mange år sidan var det snakk om at det er ti tusen heimlause kattar, og eg tippar det er endå fleire i dag, seier Aarethun.
Det aukande problemet med heimlause kattar gjer at Dyrevernlaget Indre Sogn har behov for fleire fosterheimar, og dei ber sårt om hjelp.

– Me har ikkje nok folk til å hjelpa oss og ikkje nok fosterheimar. Folk kan sende hjerter og tårefjes på Facebook, men det er ikkje godt nok lenger. Me treng fleire fosterheimar, seier Aarethun.
Jevnaker oppmodar òg folk om å melda seg på spørsmål om kva ein kan gjera, viss ein ynskjer å hjelpa.
– Folk kan melde seg, viss dei har moglegheit til å vera fosterheim. Dyrevernlaget dekkar alle utgifter, som mat og dyrlege. Det handlar om å ha husrom og hjarterom, seier Jevnaker.
Oppmodar til adopsjon
Å vera dyrevernar er einsamt. Noko av grunnen til dette er at folk ikkje skjønar engasjementet.
– Det ligg så i hjertet ditt, desse heimlause kattane. Dei nedst på rangstigen som me gjerne vil hjelpe, men så har me ikkje nok folk til å hjelpa oss.

Til tross for at Dyrevernlaget Indre Sogn treng meir hjelp. Så har dei fått hjelp frå andre dyrevernorganisasjonar.
– Alle dyrevernorganisasjonar slit med det som me gjer, så eg kan ikkje anna enn å oppmoda om å adoptere ein av dei slitarane som har gått ute, ta ein vaksen katt, for den vil gi deg mykje kos og kjærleik, avsluttar Aarethun.