RAUDT HØYANGER: Einar Rysjedal (midten)  er skeptisk til auka krafteksport.
RAUDT HØYANGER: Einar Rysjedal (midten) er skeptisk til auka krafteksport. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

Eksportkabel, straumprisar og vindkraft

Resultat: Meir vindkraft-utbygging og auka straumprisar. Kvifor? Fordi kraftkabelen til Skottland fører til auka krafteksport.

Meiningar: Konsekvens: 1) Trussel mot arbeidsplassane - først og fremst i kraftkrevjande industri, som den i Bremanger, Høyanger og Årdal, men også andre bedrifter. 2) Ekstra belastning på særleg dei økonomisk vanskelegstilte, som til dømes arbeidslause og trygda, men òg for arbeidarklassen og lønsmottakarar flest.

Les òg: Vestland – ein tragedie?

30 millionar i kostnadsauke

Påstanden om prisauke er ikkje berre vår. I desember leverte Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) si utgreiing om North Connect, som er den planlagde kraftkabelen frå Sima i Eidfjord kommune i Hordaland til Skotland. NVE-utgreiinga konkluderte med at straumprisen vil auke med 1-3 øre pr. kWh.

For ei bedrift som Hydro Høyanger, kan det bety ein kostnadsauke på nærmare 30 millionar kroner året, og for Årdal rundt 100 millionar. God politikk?

Noreg har siste åra hatt eit kraftoverskot. Rett nok varierande mengde, som til dømes svært lågt i 2019. Meir vindkraft-utbygging vil opplagt gje auka kraftmengde, presse fram meir eksport og dermed prisauke som følgje av vindkraft.

Dette blir ei ekstra belastning mot arbeidsplassar og lønsmottakarar flest, og må derfor stoppast. At profitørane i nokre tilfelle er utanlandske selskap, til dels etablert i skatteparadis, gjer alt endå verre.

Forsterking av linjenettet nasjonalt og bygging av eksportkablar, er i stor grad knytt til auka kraftproduksjon - i første rekkje produksjon frå vindkraft. Og linjenett og kablar skal finansierast, det skjer gjennom politisk press for endå meir utbygging og høgare kostnader på forbrukarar, som arbeidsplassar, kommunar og lønsmottakarar.

Raudt oppmodar til høyringsfråsegn til North Connect

I 2018 var det eit tverrpolitisk distriktsopprør mot at Noreg skulle leggje seg under EU sitt energibyrå, ACER. Bakgrunnen var frykta for tap av nasjonal sjølvrådrett over fornybarkrafta som den evigvarande konkurransefordelen den er. 

Men når det kom til stykket, var det berre Raudt, SP og SV av dei raudgrøne som nasjonalt lytta tilstrekkeleg til grasrota. AP kompromissa dessverre med dei mørkeblå, men lovde at North Connect ikkje skulle byggast, i alle fall ikkje før ein hadde oppnådd erfaringar med eksisterande kablar.

No treng vel ikkje AP meir erfaring for å uttale seg om North Connect. NVE seier tydeleg at den inneber prisauke. Kva meiner AP no? 

Raudt vil oppfordre kommunestyra i fylket til å sende høyringsfråsegn mot North Connect. Kva parti har vi med oss på det? 

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen