SPRÅKKOMMUNE: Kommunane og fylkeskommunane kan no søkje om å bli språkkommunar og få hjelp til å styrkje språkarbeidet i barnehagar og skular.​ Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SPRÅKKOMMUNE: Kommunane og fylkeskommunane kan no søkje om å bli språkkommunar og få hjelp til å styrkje språkarbeidet i barnehagar og skular.​ Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Ekstra pengar til språkkommunar

Kommunane og fylkeskommunane kan no søkje om å bli språkkommunar og få hjelp til å styrkje språkarbeidet i barnehagar og skular.

Årdal/Lærdal: Satsinga er ein del av den nasjonale strategien Språkløyper, som Kunnskapsdepartementet har sett av om lag 30 millionar kroner til.

– Språkkommunane blir viktige for å få ei samla satsing på språk, lesing og skriving frå barna byrjar i barnehagen til dei går ut av den vidaregåande skulen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Kriteriet for å bli språkkommune er at kommunen pliktar seg til å arbeide systematisk med å styrkje språkmiljøet i skulane og barnehagane. Utdanningsdirektoratet skal plukke ut eit tjuetals kommunar som i eitt år frå hausten av får status som språkkommunar.(©NPK)

Til toppen