SKREKKSCENARIO: Tek det fyr i skogen no kan store område bli råka.
SKREKKSCENARIO: Tek det fyr i skogen no kan store område bli råka.

Ekstrem skogbrannfare: No har du ikkje ein gong lov til å grilla på stranda

Sju av åtte kommunar i Indre Sogn har innført totalt eldforbod på grunn av ekstrem skogbrannfare.

Indre Sogn: – Fleire tilløp til brann i skog og mark siste veka gjer at me frå og med i dag innfører totalforbud mot å gjere opp eld utandørs, skriv brannsjef Vidar Trettenes i Sogn brann og redning.

Torsdag vart ein større brann i terrenget på Kaupanger hindra av rask reaksjon frå lokale folk i området.

Sju av åtte

Totalforbodet gjeld i dei fem eigarkommunane Sogndal, Luster, Leikanger, Balestrand og Vik, inntil ny melding vert gitt.

Onsdag sende Meteorologisk institutt ut OBS-varsel om meget stor skogbrannfare, det høgaste farevarselet dei opererer med. Allereie dagen før hadde Lærdal kommune innført totalt bålforbod, medan Årdal følgte på dagen etter.

I Aurland er det ikkje totalforbod, men brannsjefen oppmodar folk om å vera forsiktige.

– Kommunen tilrår medvit ved all bruk av open eld eller bålbrenning før neste regnversdag, som det ser ut for at kan bli lenge til, skriv han.

Ikkje lov å grilla på stranda

Meget stor skogbrannfare betyr både at det skal veldig lite til før det tek til å brenna, samstundes som flammane lett kan spreia seg over store område.

Brannsjef Trettenes minner om kva totalt eldforbod faktisk betyr.

– Det er ikkje lov å grilla eller tenna bål i skogen, i marka eller på stranda. Du kan heller ikkje bruka dei faste bålplassane i marka eller brenna bråte når det er totalforbod. Grilling i eigen hage er som regel tillatt så lenge du passar godt på, skriv han.

Til toppen