NYE NAMN: Meteorologisk institutt ønskjer tips til nye og friske vêrnamn for komande ekstremvêr​. Biletet er frå hausten 2014 då ekstremt mykje regn gjorde at Utla var rekordstor. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NYE NAMN: Meteorologisk institutt ønskjer tips til nye og friske vêrnamn for komande ekstremvêr​. Biletet er frå hausten 2014 då ekstremt mykje regn gjorde at Utla var rekordstor. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ekstremvêr søkjer nye namn

Meteorologisk institutt ønskjer tips til nye og friske vêrnamn for komande ekstremvêr.

Årdal/Lærdal: I over 20 år har ekstremvêr fått eigne namn. I høve Meteorologisk institutt sitt 150-årsjubileum ønskjer dei å lage ei ny namneliste for komande ekstremvêr. For om lag to veker sidan trefte Tor kysten av Noreg. Tor var det fyrste ekstremvêret i 2016, og det nærmar seg snart slutten på alfabetet på den noverande namnelista.

Dersom vêret kan verte ein fare for liv og verdiar skal Meteorologisk institutt lage eit heilt spesielt varsel, slik at samfunnet kan førebu seg. For at det skal vere klart og tydeleg kva vêrhending det er snakk om får dei ulike ekstremvêra eigne namn. Metrologisk institutt har gitt namn til 62 ekstremvêr sidan dei starta å namngje i 1995.

Tidlegare namn på slike vêrfenomen er den sterke vinden Petra, den uvanlege nedbørsmengda Dagmar og den stor vasstanden Berit – alle desse vart rekna som ekstremvêr, og fekk med det eige namn. (©NPK)

Til toppen