STENGT: På fjellovergangen mellom Aurland og Hol er det no stengt på grunn av uvêret.
STENGT: På fjellovergangen mellom Aurland og Hol er det no stengt på grunn av uvêret. (Webkamera/Statens vegvesen)

Ekstremvêret Aina er forsinka - men skal koma i natt

Er venta å vera hakket under orkan på utsette stader sør for Sognefjorden. Her i Indre Sogn er det i høgda me vil merka det best.

Indre Sogn: Klokka 18.00 sende meteorologisk institutt ut ekstremvarsel for Vestlandet sør for Stad.  Kombinasjonen av sterk vind, mykje regn og høg vasstand kan gi store øydeleggingar.

Det var venta at ekstremvêret skulle treffa i kveld, men det ser ut til å vera aldri så lite forseinka. 

På utsette stader sør for Sognefjorden er det venta opp mot sterk storm, altså hakket under orkan. Fordi vinden bles inn mot kysten er det òg venta høg vasstand.

Her i Indre Sogn er det nok i fjellet me vil merka vinden best. 

Uvêret skuldast eit stormsenter som har bygt seg opp nord i Nordsjøen og no rører seg inn mot Vestlandet.

Til toppen