BANDTORSDAG: Sindre Bentås (frå venstre), Aksel Nordstrand Bøkenes, Ketil Thorbjørnen og Inger-Johanne Kaardal prøver seg på å spele ståande. Det har dei ikkje kome heilt i gang med enno, men det skal på plass. Foto: Ina Eirin Eliassen
BANDTORSDAG: Sindre Bentås (frå venstre), Aksel Nordstrand Bøkenes, Ketil Thorbjørnen og Inger-Johanne Kaardal prøver seg på å spele ståande. Det har dei ikkje kome heilt i gang med enno, men det skal på plass. Foto: Ina Eirin Eliassen

Ekte rockeband brukar ikkje notar

Kulturskulen i Lærdal er i god gang med å bygge opp att bandmiljøet i kommunen med ein banddag i veka. 

Det er berre å følgje musikken då Porten.no nærmar seg kulturskulen, som heldt til i Gamlebanken på gamle Lærdalsøyri torsdag ettermiddag.

Som eit forslag til å få i gang att bandmiljøet i Lærdal, starta kulturskulen for halvannan månad sidan å arrangere ein banddag i veka.

Vil ha fleire band

– Det er mange flinke musikarar herifrå, men bandmiljøet har vore nede ei tid. Me vil få ungdommane til å spele i lag, seier Ketil Thorbjørnsen, musikklærar ved Lærdal kulturskule. 

Han gir ein og ein undervisning på tromme, bass og gitar tidlegare i veka. Songane dei øvar inn på åleine, tek dei med seg til bandøvinga.

PÅ GITAR: Inger-Johanne Kaardal og Aksel Nordstrand Bøkenes.
PÅ GITAR: Inger-Johanne Kaardal og Aksel Nordstrand Bøkenes.

Inger-Johanne Kaardal (11), Aksel Nordstrand Bøkenes (10) og Sindre Bentås (12) er i god gang med øvinga på 80 minutt, sjølv om eit av bandmedlemma manglar denne torsdagen. Førebels heiter bandet «Black Dogs», men dei ikkje er heilt enige om namnet. Namnet måtte dei finne på i full fart før dei hadde første framsyninga på Årdalsenteret for knappe to veker sidan. 

Må vise seg fram

Thorbjørnsen fortel at det no er viktig å finne plasser å spele, slik at dei unge får vise seg fram og bli van med scena,

– Var de nervøse før første opptreden?

Inger-Johanne nikkar. Aksel fortel at han trudde han ikkje hadde øva nok, mens Sindre fortel han var redd for å spele feil, likevel gjekk det bra.

– Eg var nervøs, men det gav ei god kjensle å tore, legg Inger-Johanne til. 

Betre og betre

Til saman 15 elevar, fordelt på tre band er med på bandtorsdag. 

– Folk er flinke til å øve, møte opp og det er ikkje noko tull. Det let alt mykje betre. Kanskje er det litt sosialt press på dei som ikkje kan så mykje til å øve enda meir, seier Thorbjørnsen. 

– Det er ikkje for mykje press så nokre dett av?

– Nei, tvert i mot. Dei har blitt betre på å spele alle saman. Det virkar rett og slett som dei øvar meir, seier Thorbjørnsen. 

ØVING: Sindre Bentås på trommer og musikklærar Ketil Thorbjørnsen.
ØVING: Sindre Bentås på trommer og musikklærar Ketil Thorbjørnsen.

​Meir enn speling

Initiativet handlar sjølvsagt ikkje berre om musikken, men å få eit godt miljø. Dei unge blir godt kjent, og lærar i tillegg av kvarandre. 

– Det er meir koseleg å spele i lag, enn å berre ha speletime åleine. Med bandet får me også meir tid til å spele, seier Inger-Johanne. 

Thorbjørnsen håpar no også andre kulturskuler ser potensialet og dreg i gang noko liknande. 

Mest rock og blues 

Til no har dei øva inn seks songar, mellom anna "Knockin' on Heavens Door", "Smoke on the Water" og "Wild Things". Det går mest i blues og rock, då Thorbjørnsen fargar kva songar dei kan velje seg ut. 

– Det er heilt greitt med rock, bekreftar Aksel. 

Mens dei øvar med bandet får dei ikkje lov til å bruke notar. Ordentlege rockeband brukar ikkje notar. Neste skritt er også og koma seg opp av stolane. 

– Alle klare? Nei, du er ikkje klar med det gitargrepet. Slik ja. Ein, to, tre, fir.. seier Thorbjørnsen og set bandet i gang på ny.

NESTE BAND UT: Knut Olav Bjørketun Bøe (12) (frå venstre), Birthe Neshagen (12), Taavi-Topias Henell (11) nyttar tida medan dei ventar på trommeslagaren og kan starte sin runde med øving.
NESTE BAND UT: Knut Olav Bjørketun Bøe (12) (frå venstre), Birthe Neshagen (12), Taavi-Topias Henell (11) nyttar tida medan dei ventar på trommeslagaren og kan starte sin runde med øving.
Til toppen