Leikanger/Lærdal: Ekteparet Johannes og Johanne Sofie Henjum på Leikanger har donert 250.000 kroner kvar til MR-maskin i Lærdal.
– Eg kan stadfeste at eg og kona har gitt ein kvart million kvar. Utover det har eg ingen kommentar, seier Johannes Henjum til NRK Sogn og Fjordane.
– Vel brukte pengar
Åtte av kommunane i Sogn har gjeve, lag og foreiningar i fleire av bygdene har hyvd seg på det store dugnadsprosjektet og gruppa som jobbar med finansieringa fridde nyleg til næringslivet.
- Les også: Frir til næringslivet
- Les også: Basarpengane går til MR-maskina
- Les også: Dei vil også bidra til MR-maskina
Så kom altså ein halv million frå uventa hald.
– Dette er vel brukte pengar. Vi håpar dette kjem mange til nytte. Det er det viktigaste, seier Johannes Henjum til NRK.
Før gåva frå ekteparet kom stod tre av dei ti millionane som trengst for å finanisera innkjøpet av MR-maskina att. Med ein halv million til i boks er ein altså eit langt steg nærare målet.