El-ferja Ampere på Lavik–Oppedal har omlag ein tur tapt i døgnet grunna problem med lading.
El-ferja Ampere på Lavik–Oppedal har omlag ein tur tapt i døgnet grunna problem med lading. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

El-ferja har framleis problem med lading

Ferja på strekninga Lavik-Oppedal må innimellom hoppa over turar for å lade opp.

Ytre Sogn: For omlag ein månad sida skreiv Porten.no at el-ferja MF Ampere hadde ein dårleg månad i august med mange innstilte avgangar. Det var noko Norled ikkje var fornøgd med, men framleis er det eit problem.

– Det er ikkje problem heile tida, men det stemmer at me ikkje er i mål med arbeidet, seier regionssjef for ferjer i Norled, Inge Andre Utåker. 

– Det hende me får for lite straum ombord, og om det skjer fleire gonger etter kvarandre, så må ferja ligge til kai ein runde for å lade litt, seier Utåker. 

– Dette forventar eg at dei løyser opp i. Det er stor frustrasjon for mange om ei ferje plutseleg utgår frå tabellen, sa ordførar i Høyanger kommune, Petter Sortland (Ap) tidlegare til Porten.no. 

Tapt tur i døgnet 

Eitt av problema meiner dei er straumen dei får levert av BKK.

– Når spenninga svingar for mykje frå leverandøren, så slår det ut for oss. Men me ser óg på kva me kan gjere på vår side. Me ser for eksempel på om me skal byte ut nokre batterimodular, seier Utåker.

Dei er i kontakt med BKK og jobbar med saka.

– Det er nok ein tapt tur i døgnet, men når du ser på tabellen så er det ikkje så lenge til neste. Men me skal sjølvsagt levere det me lovar, seier han. 

Til toppen