Elddåpen nærmar seg for Torunn
(Foto: Arkiv)

Elddåpen nærmar seg for Torunn

I månadskiftet skal over eit halvt år med planlegging, administrering og organisering bli til ei helg fylt med litteratur og kultur. 

Årdal: Den som har ansvaret for heile greia kalla Nynorske litteraturdagar er Torunn Todal Laberg frå Årdal. I år er det 10 år sidan dette vart arrangert for første gong. 

Nytt av året er at Nærøyfjorden verdsarvpark har tatt på seg oppgåva om å drifta dette for Aurland kommune, som framleis eig prosjektet. Om litt over ei veke snurrar det heile i gong.

– Det er spennande og utfordrande, men også utruleg artig å jobba med. Ein kjem i kontakt med mange kjekke folk. No har eg kontor med dei som jobbar i Nærøyfjorden verdsarvpark, og så har eg eit styre med meg, som eg kan spela på. Så langt er dei meir moro enn stress, sjølv om det kokar litt akkurat no, smiler prosjektleiaren.

Litteratur- og kulturfest

Laberg er tilbake i Årdal etter fleire år på farten, først som student i Bergen, seinare eit slags friår på Nils Faarlund sin høgfjellsskule i Hemsedal, før ho enda opp som kulturjournalist på Voss. Etter kvart fekk mannen hennar jobb i Årdal, og for nokre år tilbake flytta dei hit, der Laberg byrja som lærar på den vidaregåande skulen.

I april dukka jobben som kulturkoordinator i Nærøyfjorden verdsarvpark, der ho vart prosjektleiar for Nynorske litteraturdagar.

– Dette er ein litteratur- og kulturfest, der språk, dialektar, nynorsk og kvalitetsmusikk på norsk er det som skal stå i fokus. Føremålet er at folk skal ha sjansen til å nyta alle dei gode kulturinnslaga me har innanfor den nynorske skriftkulturen, fortel ho.

Frå fredag til søndag er programmet stappa fullt med kulturinnslag frå heile Noreg. Det er kanskje obligatorisk for ein prosjektleiar å seia det, men når Laberg får spørsmål om kva ho gler seg mest til, er svaret alt – noko også fleire har gjeve tilbakemelding om etter å ha sett programmet.

Ein kabal

Likevel er det enkelte ho kan dra fram, som Jon Hjørnevik med Dagfinn Iversen, litteratursamtale med Ruth Lillegraven og Jan H. Landro, samt Åshild Mundal.

– Det er ein skikkeleg kabal. Ein ting er å få tak i dei, men det må passa med datoen, og så må dei gjerne vera litt aktuelle. Det er ikkje eit krav, men ein fordel. 

– Det har gått overraskande greitt å få ting på plass fordi mange er så positive når me tek kontakt. Dei som seier nei er rett og slett fordi dei ikkje har tid. Det er veldig oppløftande å bli møtt med slik positivitet. 

Sterkt forhold til nynorsk

Det gjev seg sjølv at det er nynorsken som står i fokus denne helga i tider der stadig fleire i «nynorskland» går over til å skriva bokmål. Sjølv har Laberg eit sterkt forhold til skriftspråket.

– Eg har alltid skrive nynorsk. Då eg jobba som journalist, brukte eg nynorsk bevisst. Gjennom heile studieløpet mitt har eg bedt om å få ting på nynorsk. Eksamenssvara mine var på nynorsk.

– Samstundes handlar det om at når eg skriv på bokmål, kjennest det framand. Det er ein annan måte å uttrykka seg på, som ikkje er mi stemma. Nynorsken er ein naturleg del av meg, og eg meiner den viktigaste måten å fremja nynorsken på er ved å bruka han i alle samanhengar som om det er heilt naturleg, for det er det jo, seier ho.

Vakkert om hauste

Laberg trur dei som nyttar nynorsk har eit anna forhold, eit meir kjærleg forhold til skriftspråket sitt enn mange av dei som nyttar bokmål. No inviterer ho altså alle til Flåm og Aurland for å bli endå betre kjend med den nynorske kulturen og litteraturen.

– Altså, sjå på programmet. Flåm og Aurland om hausten er i seg sjølv vakkert. Nyt ei frihelg. Bli på hotellet, reis vekk. Og så er arrangementet ei oppleving. Eg trur at den som tek seg tida, vil iallfall ikkje angra. 

Til toppen