UNG GRUNNLEGGAR: Vemund Eldegard (18) frå Førde står bak hudpleieserien ELDE. No vert serien lansert i Årdal. Foto: Privat
UNG GRUNNLEGGAR: Vemund Eldegard (18) frå Førde står bak hudpleieserien ELDE. No vert serien lansert i Årdal. Foto: Privat

Eldegard vart til hudpleieserien ELDE

Som 15-åring byrja han å eksperimentere med ulike naturprodukt for å få bukt med sine eigne hudplagar. Tre år seinare er han grunnleggar for sitt eige hudpleiemerke.

Årdal: Etter å ha prøvd fleire dyre produktseriar innan hudpleie i ungdomsåra, gav Vemund Eldegard (18) til slutt opp jakta på det han leita etter. 

– Eg ville ha noko som var vegant, naturleg, økologisk og fairtraid, seier han. 

Dette vart seinare nøkkelorda til hudpleieserien ELDE, som han sjølv står bak. Inspirasjonen til merkenamnet er hans eige etternamn, og med solide røter i Årdal, vert no hudpleieserien lansert i bygda fyrstkomande onsdag.

Artikkelen held fram under biletet.

PÅ KJØKENET: Det heile byrja som eit eksperiment då Vemund Eldegard var 15 år. Etter samarbeid med forskarar og produsentar frå heile verda, endte det opp i hudpleieserien ELDE.
PÅ KJØKENET: Det heile byrja som eit eksperiment då Vemund Eldegard var 15 år. Etter samarbeid med forskarar og produsentar frå heile verda, endte det opp i hudpleieserien ELDE.

Byrja i det små

Medan Eldegard leita etter det perfekte produktet, byrja han samstundes å sjå på kva ingrediensar hudpleieprodukta hadde.

– Eg vart etterkvart veldig inspirert og opphengt i ingrediensane, og opparbeidde meg fort kunnskap på området, fortel han.

Det heile byrja på kjøkenet der han, ganske enkelt, miksa saman ulike naturprodukt, for deretter å teste det ut på seg sjølv. 

Ny vending

Etterkvart som han lagde dei ulike hudprodukta til seg sjølv, vart vener og familie også interessert i det han dreiv med, og ville gjerne teste det ut. Eldegard har alltid vore interessert i å starte for seg sjølv, og såg fort potensialet i produkta han laga. 

– Eg byrja med dette i 2012, og to år seinare vart ideen blåst opp til nye høgder. 

Etter å ha samarbeida med forskarar og produsentar verda over, vart hudpleieserien ELDE realitet i 2014.

Gjennomtenkt

Siw Ødegård Seglem driv frisørsalongen Frisørstova i Øvre Årdal, og fekk i sommar ein henvendelse frå Vemund Eldegard. 

Han var på jakt etter utsalsplassar i Sogn og Fjordane, og rettar seg spesielt mot frisørsalongar. 

– I vår bransje er det naudsynt at me skaffar oss kunnskap om produkta me sel, og det var ein av grunnane til at han tok kontakt med oss som frisørsalong, seier Ødegård Seglem. 

Ho fortel vidare at dei bestemte seg for å satse på produktlinja til ELDE sidan Innovasjon Norge er med på prosjektet, samstundes som Eldegard tek jobben som grunnleggjar alvorleg. 

– Dette er veldig gjennomtenkt frå han si side, og det er spennande å følgje med på han sidan han er så ung, seier ho.

Til toppen