TAR SAKA: John Christian Elden har bede om å formelt bli oppnemnd som bistandsadvokat for Andrea Voll Voldum (21) frå Lærdal. Foto: NTB Scanpix.
TAR SAKA: John Christian Elden har bede om å formelt bli oppnemnd som bistandsadvokat for Andrea Voll Voldum (21) frå Lærdal. Foto: NTB Scanpix.

Elden ber om å bli oppnemnd som bistandsadvokat for Voldum

– Begunnelsen hang rett og slett ikkje på greip.

Lærdal: I eit brev til Riksadvokaten ber John Christian Elden om begrunnesen å for å vedta dommen i Hemsedal-saka i staden for å anke han. Det skriv VG.

Dommen frå Borgarting lagmannsrett, der tre menn blei frifunne for å ha dopa ned og valdteke Andrea Voll Voldum frå Lærdal i Hemsedal i 2014, blei tidlegare i sommar godkjent av Riksadvokaten. Dommen er rettskraftig og kan ikkje ankast.

Etter at Voldum stod fram med si historie for eit par veker tilbake, har debatten rasa. Spesielt har det blitt diskutert om det er riktig at meddommarar skal få dømme i slike saker. Mange meiner også at begrunnelsen er feil.

Sakshandsamingsfeil

Både Elden og jusprofessor Hans F. Marthinussen har peika på at det kan vera sakshandsamingsfeil at det bestemmande mindretalet ikkje vurderte om mennene kunne domfellast for grov uaktsom valdtekt.

Les også: Tusenvis støtta opp om Andrea Voldum i Oslo

No har Elden sendt begjæring til retten om at han formelt blir oppnemnd som bistandsadvokat for Voldum.

Artikkelen held fram under biletet.

STOD FRAM: Andrea Voll Voldum har fått enormt med tilbakemeldingar etter at ho stod fram og fortalte si historie.
STOD FRAM: Andrea Voll Voldum har fått enormt med tilbakemeldingar etter at ho stod fram og fortalte si historie.

– Etter å ha lese lagmannsrettens dom reagerte eg både som jurist og menneske. Begrunnelsen hang rett og slett ikkje på greip. Då Andrea tok kontakt og bad meg overta som bistandsadvokat, var det ikkje vanskeleg å akseptere det, skriv Elden i ei tekstmelding til VG.

I ein SMS skriv Voldum at ho er glad for at Elden vil ta saka hennar. Statsadvokat Jan Eivind Norheim, som førte saka i retten, har tidlegare oppretthalde standpunktet om at det ikkje foreligg sakshandsamingsfeil i kjenninga.

 

Til toppen