ELDREDAGEN: Onsdag denne veka vart eldredagen markert i kulturhuset i Øvre Årdal, der mange hadde møtt opp. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
ELDREDAGEN: Onsdag denne veka vart eldredagen markert i kulturhuset i Øvre Årdal, der mange hadde møtt opp. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

– Eldre er ein viktig samfunnsressurs

Det var dagens bodskap då den internasjonale eldredagen vart markert i Årdal denne veka.

Årdal: I år er bekjemping av aldersdiskriminering tema for eldredagen. Diskriminering og negative haldningar er ei dagleg utfordring for mange eldre i verda.

– Det gir dokumentert negative helseeffektar og risiko for depresjon og sosial isolasjon. Mange føler seg som ei byrde, noko som kan føre til tidleg død. Ein av dagens bodskapar er at eldre er ein viktig samfunnsressurs, seier leiar i eldrerådet i Årdal, Kjell Arvid Heen.

EIN RESSURS: Kjell Arvid Heen la vekt på at eldre er ein viktig ressurs i dagens samfunn.
EIN RESSURS: Kjell Arvid Heen la vekt på at eldre er ein viktig ressurs i dagens samfunn.

Onsdag vart eldredagen markert i kulturhuset i Øvre Årdal. Mange hadde møtt opp for å markere dagen. 

Her var det underhaldning frå kulturskulen før det var framsyning av filmen «Årdal 1940-1985» med foredrag frå historikar Johs. B. Thue. 

Også ordførar Arild Ingar Lægreid var til stades. Han meiner det er viktig at ein markerer denne dagen.

Ordføraren informerte også om arbeidet som kommunen har gjort i det siste, som at korttidsplassane på Årdal sjukeheim var flytta til ÅBO. 

– Og så har me utvida aktivitetssenteret for demente til fire dagar i veka. Neste år vert det utvida til fem. Dessutan har begge sjukeheimane våre fått fine sansehagar, og dei sjølvsagt heile sjukeheimen til gode.

– Det er stort fokus på at eldre som klarar det, skal vere ute i aktivitet. Alle doble rom på sjukeheimen er avvikla, og me har ikkje hatt ventelister på sjukeheim trass i at ein la ned AD-bustaden, fortel han.

Han kunne også fortelje at eit ventelistesystem skal vere på plass innan juli neste år, og at kommunen har velferdsteknologi som satsingsområde med mellom anna tryggleikssensorar. 

– Me har også eit godt samarbeid med Helselaget og Røde Kors, som bidreg mykje med gode tiltak, medan eldrerådet har sponsa konsertar som den kulturelle spaserstokken. 

Til toppen