VART SVINDLA: Ei eldre kvinne i Årdal vart svindla for 50.000 kroner som ho betalte til personar som skulle utføre arbeid på taket hennar. Arbeidet vart aldri utført. Illustrasjonsfoto.
VART SVINDLA: Ei eldre kvinne i Årdal vart svindla for 50.000 kroner som ho betalte til personar som skulle utføre arbeid på taket hennar. Arbeidet vart aldri utført. Illustrasjonsfoto.

Eldre kvinne svindla for 50.000 kroner

Politiet opplyser om at ei eldre kvinne i Årdal har blitt svindla for 50.000 kroner.

Årdal: Ei eldre kvinne i Årdal har blitt svindla for 50.000 kroner, opplyser politiet på sin Twitter-konto. 

Kvinna betalte det voldsomme pengebeløpet for å få utført eit arbeid på taket og pipa, men arbeidet blei aldri utført.

Ifølgje politiet betalte kvinna 50.000 kroner i kontant til svindlarane. Det er ukjent kven svindlarane eller firmaet deira er. 

Personane som har svindla kvinna snakkar austlandsdialekt, og kvinna ber no andre som får liknande tilbod om å vera kritist.

– Dette er ein type svindel vi har sett mykje av, seier Kjetil Drange ved politiet sin operasjonssentral til NRK Sogn og Fjordane og ber samstundes om tips frå publikum.

Til toppen