Lærdal: Tordsdag vart Lærdal kommune kjend med at ein eldre person av smitta av korona i kommunen.
– Smittekjelda er ukjend og tilbake i tid. Alle nærkontaktar er identifisert og sit i karantene, skriv kommunen på sine sider.
Til samman er fem personar rekna som nærkontaktar.
Stenger bu og omsorgsheim
Ein av nærkontaktane bur på Lærdal bu- og omsorgsheim. Kommunen må inntil vidare stenge instituasjonen for besøk av pårørande.
I tillegg til nærkontaktane gjennomfører kommunen ei omfattande smittesporing og testing av aktuelle personar.
– Kommunen har gjennomført smittesporing. Alle som er aktuelle for testing er kontakta og vert testa i dag, skriver kommunen.

– Me har ikkje eit utbrot
Kommunen presiserer på heimesida at det ikkje er noko utbrot i Lærdal på dette tidspunktet.
– Det er som alltid viktig at alle er nøye med å følgje dei nasjonale smittevernreglane, skriv kommunen.
Kommunen har ikkje planar om å tilrå stenging av arrangement i kommunen.