
Årdal: – Det er heilt utruleg det dei har gjort. Det veks ikkje pengar på tre hjå dei heller, likevel gjev dei so mykje. Me er heilt overvelda, seier Leiv Myklemyr.
Han er aktiv i Nedre Årdal Sokneråd, og har gjennom ei årrekkje stått på for at kyrkjelydshuset skal få heis.
No ser han fram til å ta turen opp på eldresenteret i Øvre Årdal og seia takk til alle.
– Dei sel lodd og kaffi, og so klarar dei å gje oss ein slik sum. Dette er heilt enorme greier etter mitt syn, held Myklemyr fram.
Entusiastisk årsmøte applauderte vedtaket
Eldresenteret la fram både årsmelding og årsrekneskap på møtet. Laget kan sjå tilbake på eit aktivt år.

Ikkje før rekneskapen hadde vorte lagt fram, tok Helga Søgnen Hestetun ordet i forsamlinga. Ho føreslo å løyva midlar til det nye heisprosjektet i kyrkjelydshuset på Årdalstangen.
I innlegget sitt la ho vekt på kor viktig huset er for alle årdøler, både i samband med gravferder og forskjellige andre samkomer. Ho peika på at det er uverdige tilhøve der no, med forsamlingsrom i toppetasjen og toalett i kjellaren, utan heis.
Framlegget hennar hausta god respons med det same, og andre i forsamlinga tok snart til orde for å løyva endå meir enn det ho hadde føreslått.
Etter ei lita stund røysta dei over om dei skulle gje 25 000 kroner, og det såg ut til at alle i forsamlinga strekte opp ei hand. Då summen vart vedteken, braut heile forsamlinga ut i entusiastisk applaus.
- Les også: No har dei starta kronerulling for ny heis i kyrkjelydshuset
- Les også: Jubel i gangen etter at politikarane gav tommelen opp for ny heis i bedehuset

Takk òg til eldresenteret på Årdalstangen
Myklemyr i Nedre Årdal Sokneråd ynskjer samstundes å nytta høvet til å takka eldresenteret på Årdalstangen, som på eit tidlegare tidspunkt har løyvd store midlar til heisprosjektet.
– Og so vil eg takka alle gode krefter som har bidrege. Det er mange som har støtta prosjektet.
Folk har sett inn pengar på kontonummeret til Nedre Årdal Sokneråd, eller dei har sendt pengar til soknerådet med VIPPS.
Dette er eit prosjekt som kommunen har løyvd 2,5 millionar kroner til, og som er avhengig av ei restfinansiering på nokre hundre tusen kroner for å koma i hamn.
– Me nærmar oss med fine skritt å få råd til heisen. Kasseraren seier det kjem inn små beløp tidt og jamt, i tillegg til desse store beløpa frå eldresentera. Me takkar for det.