PRISVINNAR: Harald Vatne får overrekt eit maleri laga av Signe Fortun Weka, frå fylkesordførar Jenny Følling og Kultursjef Erling Bjørnetun.
PRISVINNAR: Harald Vatne får overrekt eit maleri laga av Signe Fortun Weka, frå fylkesordførar Jenny Følling og Kultursjef Erling Bjørnetun. (Foto: Linda Watten)

Eldsjela Harald Vatne fekk Kulturprisen på Skjolden

Vinnaren av prisen har jobba hundrevis av dugnadstimar i mange år på Skjolden, og stått på for at bygda skal utvikla seg i rett retning. For denne innsatsen fekk han heider og ære framanfor heile bygda på laurdag.

Luster: Kultursjef i Luster kommune, Erling Bjørnetun, skildrar vinnaren sånn i sin tale frå scena:  

– I år har bygdalaget lagt vekt på tre ting ved vinnaren. Vedkommande har betydd veldig mykje for å organisera bygda og det som blei Skjolden bygdalag. Personen har bidrege sterkt til å løfta blikket for det som ikkje berre rører oss men òg veldig mange i områda våre. Vedkomande har i desse åra kanskje vore den som har tenkt lengst i forhold til kvalitetane i området. 

– Vedkomande har òg bidrege litterært til å produsera artiklar, foredrag, og bøker om Skjolden og kvalitetane i området, både i Mørkridsdalen og andre plassar. Ved sidan av oss har me Fjordstova og utan denne personen hadde ikkje dette blitt realisert i 1994. Frå kommunen vil me også seie at det løftet de har medverka til her i Skjolden har satt djupe spor. No trur eg dei fleste har skjønt kven bygdalaget har tenkt på.

Takksam prisvinnar

Det var ein stolt og rørt Vatne som tok i mot prisen, eit maleri frå fylkesordførar Jenny Følling, på scena under sjølvaste 30-års jubileumet til Kulturdagane på Skjolden.

– Det er så flott at det som byrja for 30 år sidan har blomstra og blitt bore vidare, og det gledar meg veldig at det utviklar seg på Skjolden. 

Ny sti: ei bru mellom Fortun og Skjolden

 SPRANG: Per Ove Walaker sprang den nye stien på fem kilometer med ein fakkel i handa, før Jenny Følling erklærte den for opna så han kom i mål. Foto: Linda Watten

Det var ikkje berre jubileum og heider som blei fokusert på under Kulturdagane. Fylkesordførar Jenny Følling opna offisielt den nye turstien mellom Fortun og Skjolden etter at Per Ove Walaker sprang løypa med ein fakkel i handa. 

– Eg blir så imponert over den krafta og det pågangsmotet som finst i desse lokalsamfunna som gjer at ein kan skapa slik trivsel og verdiar som her i Skjolden. 

Den nye stien kan sjåast på som ei bru mellom Fortun og Skjolden. 

– Stien er fem kilometer lang, og har kosta rundt 2,3 millionar. Me har vore heldige og fått tippemidlar til den, og stien er viktig både for innbyggarane i bygdene og for folkehelsa i kommunen, seier Bjørnetun. 

Til toppen