KAN BLI KROKEN PÅ DØRA: Christoffer Knagenhjelm har drive Knaken saman med kona Trude sidan 2008. No kan det snart vere over.
KAN BLI KROKEN PÅ DØRA: Christoffer Knagenhjelm har drive Knaken saman med kona Trude sidan 2008. No kan det snart vere over. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Eldsjelene til stavkyrkja på Kaupanger er i ferd med å gje opp

Christoffer Knagenhjelm og broren har venta i ti månader på løyve til å få så gras på eigedomen. Det kan få store konsekvensar.

Kaupanger: Får dei ikkje svar innan klokka tolv i dag gir dei opp. Og familieverksemda Knaken går med i dragsuget.

– Det er trist viss det skal ende på ein slik måte, seier Christoffer Knagenhjelm.

Det er ikkje berre eit lokalt kafètilbod på Kaupanger som står i fare for å forsvinne. Om somrane fungerer Knaken òg som eit besøkssenter for stavkyrkja på Kaupanger, ei av berre 28 i heile landet.

Staden blir drive av Christoffer Knagenhjelm og kona Trude. Begge er arkitektar og målet har sidan starten i 2008 vore å lage eit levebrød av å formidle historia til stavkyrkja, Kaupanger Hovedgård og bygda sjølv.

Om få timar kan det heile vere over. 

Les også: Her fryktar dei å gå tomme for gravplassar

VIKTIG FUNKSJON: For bebuarane på Kaupanger er Knaken ein populær møtestad, kjent for mellom anna dei jamnlege quizane. Om somrane fungerer plassen som eit besøkssenter for stavkyrkja.
VIKTIG FUNKSJON: For bebuarane på Kaupanger er Knaken ein populær møtestad, kjent for mellom anna dei jamnlege quizane. Om somrane fungerer plassen som eit besøkssenter for stavkyrkja.

Føler dei manglar støtte  

Svaret dei ventar på er eit løyve til å få dyrke gras på eit område dei har rydda for skog. Slik skal dei produsere mat til geitene, samstundes som kulturlandskapet blir sett i opprinneleg stand. 

RIK HISTORIKE: Kaupanger Hovedgård på Kaupanger er over 300 år gamal og har ei rik historie. Familien Knagenhjelm er blant dei største grunneigarane i landet og ansvaret for å skytte dei freda bygga er stort.
RIK HISTORIKE: Kaupanger Hovedgård på Kaupanger er over 300 år gamal og har ei rik historie. Familien Knagenhjelm er blant dei største grunneigarane i landet og ansvaret for å skytte dei freda bygga er stort.

Det kan verke tilfeldig. Men for Christoffer òg broren Nils Joachim Knagenhjelm, som har teke over Kaupanger Hovedgård og er den formelle søkaren til nydyrkinga, er dette dråpen.

Saman har dei ansvar for historiske skattar av nasjonal storleik. Kaupanger Hovedgård og stavkyrkja er begga freda. Familien bruker mykje tid og ressursar på å halde historia i hevd og føler myndigheitene ikkje gjev dei drahjelpa dei treng. Det meste er vanskeleg og alt tek tid.

– Når noko skjer, så er det fordi vi masar og masar. Det er begrensa kor lenge du gidd å jobbe i motbakke, seier Christoffer Knagenhjelm.

Fristen går ut klokka tolv i dag

Denne gongen har dei venta i ti månader. Nydyrkingssøknaden har vorte ein kasteball mellom kommunen og fylkeskommunen. Det som kompliserer saka er at fylkeskommunen krev arkeologiske registreringar. Og det er grunneigarane som må betale.

– Det kom ut av det blå, utan varsel eller dialog i forkant. Og ikkje har vi fått vite kva det vil koste. Det kan vere alt frå frå hundre tusen til èin million. Men det nektar vi å betale uansett, seier Christoffer Knagenhjelm. 

No forventar dei at fylkeskommunen gir dei eit skikkeleg svar.

– Vi har bedt fylkeskommunen om eit kostnadsoverslag på registreringane. Og så må kommunen og fylkeskommunen prate saman, slik at det er mogleg å få godkjent nydyrkingssøknaden, seier han.

– Viss ikkje, så trekkjer vi den. Då avsluttar vi forsøket på å restaurere kulturlandskapet, slik som var planen. Vi kjem òg til å leggje ned Knaken. Vi har vore tydeleg på at dette heng saman. Då finn eg meg heller ein annan jobb, seier Christoffer Knagenhjelm.

KAN MISTE VERDIFULLE ELDSJELER: Dersom Knaken heng kroken på døra, må fortidsminneforeininga og fellesrådet finne andre som kan drive guidevirksomhet ved kyrkja.
KAN MISTE VERDIFULLE ELDSJELER: Dersom Knaken heng kroken på døra, må fortidsminneforeininga og fellesrådet finne andre som kan drive guidevirksomhet ved kyrkja.

Difor har det teke tid

Glenn Heine Orkelbog, arkeolog i Sogn og Fjordane fylkeskommune, tykkjer det er leit å høyre at eigarane av Knaken er nær ved å gje opp.

– Det håpar eg dei ikkje dei gjer, for eg synst dei gjer ein kjempegod jobb, seier han.

Grunnen til at dei har vist interesse for nydyrkinga, er den rike historia på staden. 

– Deler av dette arealet var sannsynlegvis kjerneområdet for middelalderkaupangen. Det gjer det til ei kompleks sak å få laga eit kostnadsoverslag på. Difor har det teke tid for vår del, seier Orkelbog.

– I dette tilfellet er det snakk om ein omfattande nydyrkingssøknad der vi har stilt krav om arkeologiske registreringar. Då må du undersøke om det er automatisk freda kulturminne i det omsøkte området, før du kan iverksette nydyrking.

Orkelbog seier fylkeskommunen jobbar med å sende ut eit kostnadsoverslag på registreringa. Truleg vil svaret kome i løpet av dagen i dag.

– Dette er rekna som eit større privat tiltak. Etter kulturminnelova er det tiltakshavar sjølv som skal dekke kostnadane. Viss tiltakshavar føler det blir uforholdsmessig økonomisk tyngande, har han høve til å søke om å få dekka heile eller delar av beløpet, seier Orkelbog.

Til toppen