GLIR FORBI: Høg fart gir stor luftmotstand, som reduserer rekkevidda. Samtidig er batterikapasiteten så stor og tettheten av Superladerarar så god, at det i liten grad påverkar reisa.
GLIR FORBI: Høg fart gir stor luftmotstand, som reduserer rekkevidda. Samtidig er batterikapasiteten så stor og tettheten av Superladerarar så god, at det i liten grad påverkar reisa. (Bilde: Morten Abrahamsen / NTB tema)

Elektrisk langtur

Nye elbilar gjer at «rekkjeviddangst» ikkje lenger er noko problem under dagleg bruk. Og med den aller største batteripakka til Tesla bør vel ein skikkeleg langtur vere uproblematisk, eller?

Tema: I 2013 blei «rekkjeviddangst» kåra til det nest viktigaste nyordet, bak «sakte-tv». Då hadde elbilane for alvor gjort sitt inntog i den norske bilmarknaden, og mange hadde tydelegvis følt på opplevinga av å sitte med ein kaffikopp i sofaen til svigermor og lurt på om dei faktisk kom seg heim igjen.

Tekniske data

Tesla Model S 100 D

Pris: 825.850,-
Pris testbil: 898.650.-
Motor: Elmotor. 611 hk 967 Nm
Batteri: Li-Ion. 100 kWh
Aks 0-100: 4,3 sek
Toppfart: 250 km/t
Forbruk: 1,63 kWh/mil
Rekkjevidd: 632 kilometer (NEDC).
Mål (LxBxH): 4979 x 1964 x 1435 mm
Bagasjeplass: 895/1795 liter
Vekt: 2187 kilo

Det var også året Tesla rulla ut dei første Model S i Noreg, elbilane som viste at rekkjevidd kunne vere noko meir enn 10 mil, og at komforten kunne vere på luksusbilnivå sjølv om bilen gjekk på straum.

Framleis er det Tesla som er rekkjevidd-kongen, sjølv om den store majoriteten av nye elbilar no byr på betre batteripakker enn for fire år sidan, noko som også gjeld Tesla sjølv. Då Model S kom, var det 85 kWh som var toppen, no har produsenten akkurat lansert ein versjon med 100 kwh. Han gir ei teoretisk rekkjevidd på 63 mil, noko som betyr ei realistisk rekkjevidd på vel 50 mil.

FUNKSJONELL: Tesla Model S 100 D parkert ved Bellavista, bustadkomplekset til Arne Jacobsen i Klampenborg litt nord for København. Med ei blanding av stor batteripakke og eit nettverk av Superladarar er det få problem å ta ein Model S på langtur.
FUNKSJONELL: Tesla Model S 100 D parkert ved Bellavista, bustadkomplekset til Arne Jacobsen i Klampenborg litt nord for København. Med ei blanding av stor batteripakke og eit nettverk av Superladarar er det få problem å ta ein Model S på langtur. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema

Superladarar

Når Teslas superladarar samtidig er pent dandert langs dei viktigaste motorvegane i store delar av Europa, verkar det ikkje lenger som ei varig øving i rekkjeviddangst å ta ein elbil på langtur.

Med nokre dagar til rådigheit peikte vi Tesla-fronten mot Hellerup litt nord for København og rulla av garde.

Vi har tidlegare prøvd denne utgåva i dagleg bruk, no er spørsmålet om han også duger som ein langturbil på lik linje med ein konvensjonell bil.

HURTIGMAT OG LADING: I Sverige er Superladarane i tilknyting til hamburgerkjeder som dette. 
HURTIGMAT OG LADING: I Sverige er Superladarane i tilknyting til hamburgerkjeder som dette.  Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema

Bilen sjølv meinte at det ville halde med éi lading, i Uddevalla, men då ville han hatt berre eit par prosent igjen ved destinasjonen, der det ikkje var lademoglegheiter. Vi ynskte i tillegg å leggje inn ein liten omveg via Malmö og vidare over Øresundbrua. Strekninga inneheld til saman fire superladarar, éin i Noreg og tre i Sverige. Frekvensen tilseier køyretid på halvannan til to timar mellom dei. Noko som er ganske passande når ein er på tur med familien.

Med ein middagspause ved den siste ladaren ville også ladetida gje oss rikeleg med kapasitet ved enden av reisa.

Å flyte nedover i ein Model S er ei fin oppleving. Ungane reagerte raskt på at dei faktisk høyrde kva vi framme sa. Lydlaus motor og fornuftige hjul gjev lite støy i kupeen, noko som er ein solid komfortfaktor. I staden for den vanlege terrorbalansen mellom høg musikk og motorstøy, blei det gjerne til at vi ikkje hadde radioen på i det heile.

Luftmotstand

Ofte kan ein sjå at Tesla-eigarar vel å liggje i eit ganske moderat tempo på motorvegar. Luftmotstand blir ein faktor i høgare hastigheiter, og passerer ein 100 kilometer i timen, aukar den betydeleg dess meir ein dreg på. Vi hadde i utgangspunktet ein plan om å sjå på forholdet mellom tid og hastigheit med dette som bakgrunn, men ganske fort blei det klart at batteriet er så stort at vi alltid hadde mykje igjen når det blei på tide med ein pause. Dermed heldt vi oss i staden til lovverket.

Interiøret i ein Model S følast ikkje særleg premium. Materiala og byggjekvaliteten er ikkje av beste klasse, men det fungerer likevel veldig bra. Av alle berøringsskjermar som finst i dagens bilar, er Teslas digre flatskjerm den som fungerer aller best og er lettast å manøvrere, dermed tek han ikkje så mykje merksemd frå føraren. Etter rundt 60 mil stig ein ut av bilen, heilt urørt. Det er som om ein har sete i sofaen og sett på ein litt statisk roadmovie.

Det at ein må ta ein ladepause ein gong iblant, er truleg berre sunt. Då brekker ein opp køyringa i passe store etappar.

ROMSLEG: Bagasjeplassen i ein Model S er noko i nærleiken av formidabel. Nær 900 liter bør halde.
ROMSLEG: Bagasjeplassen i ein Model S er noko i nærleiken av formidabel. Nær 900 liter bør halde. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema

Alternative ruter meir problematisk

Bilen sine eigne utrekningar av batterikapasiteten verkar som dei er svært nøyaktige, han plukkar fort opp køyremønsteret og er absolutt til å stole på. Dette gjer at det er lett å rekne ut kor lenge ein må lade, og kva ein vil ha igjen når ein er framme ved destinasjonen.

Samtidig er det eit par problemområde. Superladarane ligg langs hovudmotorvegane, så om ein ynskjer å ta alternative ruter, blir det heile meir problematisk. Då kan ein sjølvsagt nytte andre typar ladarar, viss ein finn dei, men det krev eit heilt anna planleggingsnivå. I tillegg er ein ein slags slave av dei fasilitetane som er i nærleiken av superladarane. Ynskjer ein å kombinere lading med ein matbit i Sverige, blir det hurtigmat frå ei av dei store burgerkjedene. Kva som finst av tilbod ved superladarane, varierer frå land til land, men problemstillinga er den same: Ein kan ikkje sjølv velje kor ein vil stoppe viss det skal ladast.

Snittforbruket gjennom dei 128 mila vi køyrde, var på så vidt over 200 kilowattime per kilometer, noko som tyder at bilen klarer 50 mil sjølv om hastigheita er relativt høg. Det er med andre ord ikkje noko stress å ta med seg ein så kraftig elbil på tur, viss ein aksepterer at ruta blir diktert av superladarane si plassering. Ynskjer ein tur langs Europas bakvegar, må ein like planlegging.

LANGTUR: Det gikk med en del mygg under testingen av denne bilen.
LANGTUR: Det gikk med en del mygg under testingen av denne bilen. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema
Til toppen