BEKYMRA: – Det kan bli aktuelt å stoppa om det blir enno dårlegare, for ei fisketom elv i Årdal er ei fallitterklæring, seier Vidar Moen, leiar i ÅJFF.
BEKYMRA: – Det kan bli aktuelt å stoppa om det blir enno dårlegare, for ei fisketom elv i Årdal er ei fallitterklæring, seier Vidar Moen, leiar i ÅJFF. (Foto: Arkiv)

Elendig fiske bekymrar: – Heilt avgjerande å gjera tiltak for betre gyting

Men tiltaksplanen har stoppa opp.

Årdal: – Det er heilt avgjerande å få dette på plass, for elva har vorte utarma og uttynna i mange år. Det kan bli aktuelt å stoppa fisket om det blir enno dårlegare, for ei fisketom elv i Årdal er ei fallitterklæring. Vassdraget er vår aorta, seier leiar i Årdal jeger- og fiskerforeining, Vidar Moen.

For femten år sidan vart det teke rundt tonnet med sjøaure i Årdalsvassdraget. I 2015 og 2016 kom ein opp i knapt 200 kilo.

– Planen har stoppa oppe hjå NVE

EIN AV FÅ: Inge Moen fekk ein laks på nesten åtte kilo heilt i starten av sesongen, og spesielt når ein ser på fasiten i ettertid må det seiast å vera svært god fangst.
EIN AV FÅ: Inge Moen fekk ein laks på nesten åtte kilo heilt i starten av sesongen, og spesielt når ein ser på fasiten i ettertid må det seiast å vera svært god fangst.

I fjor var det rett nok det beste laksefisket noko sinne på denne sida av millenniumsskiftet med 436 kilo fanga laks, men i år har det berre vorte teke 270 kilo totalt, altså både laks og sjøaure.

– Fisket har vore dårleg i andre elvar i Sogn også denne sesongen, men det me tenkjer er at elva bør vera budd med gode gyte- og vekstvilkår når, eller dersom dei gode tidene kjem att.

Difor er der utarbeidd ein tiltaksplan for å betra gytetilhøva i vassdraget, det vil seia slikt som tilrettelagde gytebekkar og utlegging av gytegrus. Liknande tiltak har E-CO gjort i Aurlandselvi.

– Og der ser ein det har hatt effekt, seier Moen.

Planen skal godkjennast av Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) for endeleg hendsaming hjå Miljødirektoratet.

Men alt har stoppa opp.

– Den skulle bli godkjent hjå NVE i april, men så vart den ikkje det. Så skulle den bli godkjent til fiskestart, det skjedde heller ikkje. Me har purra to gonger sidan, men ingenting har skjedd, fortel Moen.

Mistenkjer at gytefisk blir ståande i kraftstasjonen

Sjølv om Hydro Energi knappast kan lastast for at planen ikkje har kome gjennom den offentlege mølla, er Moen klar på at to tilhøve bør klårleggjast eller utbetrast frå Hydro Energi si side.

– Planen er grei, men nokre føresetnader må liggja til grunn for at tiltaka nedanfør samløpet mellom Tya og Utla skal fungera. Det kan bli slik at gytebekkar som skal tilretteleggjast ikkje vil kunne gytast i om det ikkje blir sleppt på meir vatn. Her er det så lite me ber om, kanskje berre ein kubikk meir nokre få dagar i året.

I tillegg er Moen kritisk til at Hydro Energi førebels ikkje har vore med på å kartleggja kor vidt gytefisk går inn i kraftstasjonen i Naustbuktii staden for å gyta på elva.

– Det går opp om lag like mykje gytefisk som før, men talet på fisk som faktisk gyt har gått veldig ned. Rundt 2004-2005 hadde me like god gyting på sjøauren som Aurlandselvi, men no har me berre kring ein firedel av gytinga dei har. Difor kan ein spørja seg om fisk går inn i stasjonen og blir ståande der for lenge til at dei gyt på elva. Dette har me mange døme på frå andre vassdrag, til dømes Vikja.

– Me har ikkje noko å dokumentera dette med, men ein hadde høve til å kartleggja dette i samband med Kustisprosjektet som mange energiverk var med på ei tid tilbake. Hydro Energi vart ikkje med her.

Hydro Energi: – Ikkje mangel på gytefisk

Informasjonssjef i Norsk Hydro, Øyvind Breivik, meiner det labre fisket i Årdalselva neppe har med dårleg gyting å gjera

– Sidan bygginga av «Nye Tyin» i 2004 har vi engasjert Rådgivende Biologer til å gjere fiskeundersøkingar i Årdalsvassdraget. Som del av dette gjennomfører me årleg gytefiskteljing, og rapportane viser at det ikkje er mangel på gytefisk som kan forklare at det har vore dårleg fiske i år.

– Me høyrer frå Rådgivande Biologar at det er lite sjøøret i elvane i heile regionen, så dette er ikkje eit problem som gjeld berre i Årdalselva, men og i vassdrag som ikkje er regulert, held han fram.

Han fortel vidare at det skal meir til for å få til nye gytebekkar enn litt meir vatn nokre dagar i året.

– Me opplever at me har felles interesse med Årdal Jakt og Fiskeforening om å legge til rette for gode oppvekstvilkår for fisk i Årdalselva, men analysane me har gjort saman med fagfolk tilseier at det er betydelege tiltak som må til for at nye gytebekkar skal kunne opparbeidast og fungera, langt meir enn å auke vassmengda i visse periodar.

Det har ikkje lukkast Porten.no å få uttale frå NVE, trass mange forsøk.

Til toppen