TIL TOPPS: Jon Atle Tiedemann Johnsen, Kylian Mekke, Adrian Kjos Merkesdal og Alexander Prestegard frå Årdal vidaregåande skule gjekk til topps i fylkesfinalen i ein innovasjonskonkurranse. No skal dei representere fylket i den nasjonale finalen i februar. Foto: Ungt entreprenørskap.

Elevane frå Årdal vidaregåande skule til topps i innovasjonscamp

No får dei fire elevane frå Årdal vidaregåande skule representere fylket på den nasjonale innovasjonscampen. 

Jon Atle Tiedemann Johnsen, Kylian Mekke, Adrian Kjos Merkesdal og Alexander Prestegard utgjorde laget som gjekk til topps med delt poengsum saman med eit lag frå Eid vidaregåande skule.

I overkant av 260 elevar frå ni vidaregåande skular i fylket deltok på den lokale innovasjonscampen «Energi for framtida». 

Laget frå Årdal og Eid får no representere fylket på den nasjonale campen i Trondheim i februar, skriv fylkeskommunen på sine nettsider.

Konseptet går ut på at elevane får tildelt utfordringar innan fornybar energi som dei skal finne løysingar på i løpet av ein skuledag. Elevane er delte inn i grupper på 4–5 elevar, og vinnarlaga frå kvar skule eller arrangementsstad går vidare til ein fylkesfinale.

I år var konkurransen i fylkesfinalen svært jamn. Dei to laga frå Eid og Årdal enda til slutt på den same poengsummen.

Elevane frå Årdal sin idé hadde det klingande namnet «Postvogna». Det heile gjekk ut på at dei skulle lage eit rørsystem under vatn som skulle frakte gods og personar langs kysten. Ved hjelp av eit magnetsystem så skal ein sørge for både framdrift og nedbremsing. 

Til toppen