SMART TRIO: Kari Eggum Talleraas, Anneli Fjelltun Øyre og Anders Fimreite sørga for full pott i Klassequizen for Kvåle skule.

SMART TRIO: Kari Eggum Talleraas, Anneli Fjelltun Øyre og Anders Fimreite sørga for full pott i Klassequizen for Kvåle skule. (Foto: Wilhelm Støylen/NRK)


Elevane frå Sogndal fekk full pott på Klassequizen

No skal det godt gjerast at dei ikkje er eitt av dei fire laga som kjem til fylkesfinalen. – Målet er vel å komma så langt som mogleg, seier ein av elevane.

Sogndal: Kari Eggum Talleraas, Anneli Fjelltun Øyre og Anders Fimreite går i tiandeklasse på Kvåle skule i Sogndal. I dag klinka dei til med tolv poeng då dei fekk besøk av NRK og Klassequizen til ein av ei lang rekkje kvalifiseringsrundar denne vinteren.

– Det er det beste resultatet i Klassequizen så langt. Tolv poeng er det meste du kan få, seier omreisande quizmaster Wilhelm Støylen i NRK Sogn og Fjordane.

Resultatet er dei tre elevane sjølvsagt veldig nøgde med.

– Eg vart overraska, for eg var veldig nervøs. Men det gjekk mykje betre enn eg trudde det skulle gå, seier Anneli Fjelltun Øyre.

HJERNETRIM: Tora Dalaker, Emil Andrè Grønsberg og Ole Gunnar Teigen Volle representerer Kaupanger skule i klassequizen. Dei var òg i elden på måndag, men resultata blir ikkje klare før onsdag. Foto: Wilhelm Støylen/NRK

Ikkje garantert fylkesfinale

Konkurransen vart sendt på radio i ettermiddag. Tanken på å ha heile fylket som publikum gav ekstra krydder til ei allereie nervepirrande oppleving.

– Eg følte me hadde press på oss. Viss me svarte feil ville det bli litt dumt, så det var bra me fekk det til, seier Kari Eggum Talleraas.

Trass full pott er dei likevel ikkje garanterte å gå vidare til fylkesfinalen. Dit går fire lag, og viss fleire enn dèt får tolv poeng, så blir ei utslagsoppgåve avgjerande. Den gjekk ut på at elevane skulle gjetta mengda av ein viss substans i ein plastikkpose. (Kva substansen faktisk var har blitt redigert vekk, slik at seinare deltakarar ikkje skal få ein urettvis fordel).

– Det hadde vore litt betre viss det var ei logisk, oppgåve, så me måtte tenka, konstanterer Eggum Talleraas.

Ho vart valt ut av læraren til å delta, medan dei to andre tok plassen ved å vinna ein intern julequiz i klassen. For å førebu seg har dei den siste tida prøvd å lesa seg opp på nyheiter, geografi og anna nyttig kunnskap. Samstundes undervurderer dei ikkje rolla flaksen spelar i slike konkurransen:

Ønskjer å gå så langt som mogleg

– Akkurat dei spørsmåla var me heldige som visste. Når me har høyrt på andre, så har me tenkte at «viss me får så vanskelege spørsmål så kjem det til å gå rett til...», seier Eggum Talleraas, utan å fullføra setninga.

– Dei spørsmåla me fekk kan ha vore vanskelege for andre, men me var heldige at dei passa til oss, supplerer Fjelltun Øyre.

I år er det 38 skular frå Sogn og Fjordane som deltek i Klassequizen. Kvar skule kan stilla med eitt lag og det skal vera tre deltakarar på laget. Dei to vinnarane av Klassequizen her i fylket går vidare til den nasjonale finalen som blir send på NRK1 i mai.

– Målet er vel å komma så langt som mogleg. Det hadde vore tøft å komma til ein av dei TV-sende finalane, seier Anders Fimreite.

Klassequizen kjem til Årdal og skulane Farnes og Tangen 23. januar. Den 9. februar er det Lærdalsøyri og Aurland skule sin tur til å få testa kunnskapen.

Til toppen