Lærdal: Minst ein time kvar dag har dei halde på dei siste vekene. Slikt vert det premie av.
– Det er kult å visa at ein liten skule her i denne lille bygda kan vinna noko slikt, seier sjuandeklassing Pia Berg Nemeth.

Nasjonal hoppetaukonkurranse
Det er Nasjonalforeininga for folkehelsa som står bak konkurransen. Over 100 000 elevar frå heile landet har delteke og utfordringa var å hoppe mest mogleg i løpet av dei to vekene konkurransen varte.
Kvar elev som deltok hoppa i snitt tjuefire minutt kvar dag. Dei åtte elevane på Borgund skule greidde over dobbelt så mykje, faktisk mest av elevane i fylket.
Å hoppe i ein time kvar dag høyrest kanskje ut som eit ork. Men når du ber elevane oppsummere korleis det har vore, er dei overraskande positive.
– Me har no hoppa og hatt det moro i lag. Funne på masse gode leikar, seier Tore Skårheim.
Har fått smaken på hoppetau
All hoppinga har føregått i skuletida. Litt i timane, det meste i friminutta. At innsatsen har gitt utslag på kondisen er ein annan ting elevane har merka.
– Du kjenner at du har blitt i litt betre form, konstanterer Skårheim.
– Det vart på ein måte berre ein vane å hoppa, seier Pia Berg Nemeth.
No er konkurransen over og hoppinga ikkje lenger obligatorisk. Men for nokon har det gjeve meirsmak. I allefall til ei viss grad.
– Eg kjem ikkje til å leggje det heilt ifrå meg, seier Tore Skårheim.