DEN DAGLEGE LEIAREN I AKSJON: Sondre André  Teigen jobbar med å få på plass ein ny leidning i samband med at den nye DAB-radioen vert montert. Minibussen til Årdal fotballklubb er hittil den største doningen dei har installert radio i.  
DEN DAGLEGE LEIAREN I AKSJON: Sondre André  Teigen jobbar med å få på plass ein ny leidning i samband med at den nye DAB-radioen vert montert. Minibussen til Årdal fotballklubb er hittil den største doningen dei har installert radio i.   (Foto: Snorre Sandemose)

Elevane i Årdal installerer DAB-radioar i bilar

Som ein del av faget «Yrkesfagleg fordjuping» har dei laga si eiga elevbedrift.

Årdal: – Det er enkelt å montera han, det som er vanskeleg er å skjula kabelen, seier Ole-Gerhard Aalen.

EIGEN LOGO: Som ein del av det å laga bedrift, har elevane laga bedriftsnamn, logo, facebook-side og heimeside. Logoen syner ein robot i arbeid, og spelar på at elevane går på automasjonslina.

Elevane i andre klasse på automasjon har fått trent seg godt i å montera DAB-radioar i bilar sidan dei byrja å gjera det før jul. Dei må tenkja litt nytt kvar gong dei skal installera, for det er ulike panel i kvar bil som gjer jobben litt annleis kvar gong. 

Denne dagen er fyrste gongen dei skal montera i ein minibuss, minibussen til Årdal fotballklubb. Hittil har dei berre installert i personbilar.

Du veit aldri heilt korleis du skal skjula kabelen før du er i bilen. Me må finna smarte løysingar for å få det finast mogleg, forklarar Aalen vidare. 

Jobben er vanlegvis gjort på ein halvtime, men sidan det er ein minibuss går det ein heil time no. 

Har vore på utplassering i bedrifter og starta eiga bedrift

Nyleg fortalde Porten.no om andreklassingane på lina for sal og service på Årdal vidaregåande skule. Dei har hatt faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF), der dei har vore utplasserte i forskjellige bedrifter, og so laga si eiga bedrift.

KLART TIL Å INSTALLERA: Innerskjermen til høgre i bilen er teke vekk, for at den nye DAB-radioen kan verta installert. Elevane installerer radioar måndagar og fredagar, når dei har timar i YFF-faget.  Foto:Snorre Sandemose

Akkurat det same gjeld for andreklassen i Automasjon. Som ein del av YFF har dei vore i praksis, og dei har starta eiga bedrift. Dei skal ha ei ny veke med yrkesfagleg praksis i det lokale næringslivet i februar.

Når det gjeld det å laga eiga bedrift, fortel Haakon Haglund at det er lærerikt.

– Me lyt vera sjølvstendige og gjera ting sjølve. Laga avtalar, kjøpa inn DAB-radioane, reklamera i bygda for tenesta. Me har lært mykje om korleis det er å driva ei verksemd. 

ANDREKLASSINGAR I AUTOMASJON PÅ ÅRDAL VIDAREGÅANDE SKULE: I midten held den daglege leiaren i elevbedrifta tak i DAB-radioen som dei skal installera i minibussen til IL Jotun. Frå venstre: Lasse Øvstetun, Ole-Gerhard Aalen, Emil Hillestad, Sondre André Teigen, Alexander Nesse, Haakon Haglund og Erik Steinegger. Johannes Hunderi og Petter Sandvik var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto:  Snorre Sandemose

I tillegg til å installera DAB-radioar, har automasjonselevane òg satsa på å yta IT-hjelp til dei som har vanskar med å handtera datamaskiner. Men det er litt avgrensa kor stor marknaden er i Årdal, og hittil har dei hatt to slike oppdrag. 

Når det gjeld DAB-installeringane, håpar dei på å få so mange oppdrag at dei får spart pengar til russetur til Magaluf på Mallorca i haust. 

Til toppen