Sogndal: Etter skuledagen og ein fellesmiddag sette elevar og vaksne seg på buss til Sogndal for å få med seg framsyninga basert på dei folkekjære figurane frå Flåklypa-filmen.
Rektor i Flåm, Astrid Hassel, tykkjer det var kjempestas å bli invitert.
– Flåm er ein teaterskule. Me set opp teater annakvart år der elevane er skodespelarar. Så no kan dei få inspirasjon og sjå korleis dei proffe gjer det. Det å få oppleve teater er sjølvsagt kjempemoro både for små og store, seier ho
Les også: Flåklypa blir teater
Les også: Skal stille ubehagelige spørsmål i jubileumsåret

Tidsklemma hindrar teatergåing
Elev Erling Tørud Håland sette òg pris på gratisbilletten.
– Eg synst det var flott. Det blir sikkert gøy det her, seier han medan han ser kompisen få ein runde med ansiktsmåling før dei slepp inn i salen.
Han seier han nesten aldri går på teater elles og har ein eigen teori om kvifor.

– Nei, det er vel det at me ikkje har tid, seier han.
Ingrid Loftesnes, leiar i Teatervenner Sogn, var glad for å sjå alle dei forventningsfulle ungane. Men ho seier det ikkje er så lett som ein skulle tru å gje ting vekk gratis.
– Vi har sendt ut tilbod til alle skulane om at dei kan få søke om gratisbillettar. I år var det faktisk berre Flåm som søkte, seier ho.
Ingen reprise på teater
Ho trur årsaka er at mange ikkje veit om tilbodet. Tidlegare er det berre grunnskulane i Leikanger, Sogndal og Luster som har blitt inviterte.
– No har vi funne ut av vi må få heile Indre Sogn til å gå på teater, seier Loftesnes.

Målet deira er at fleire ungar skal oppdage gleda av å gå i teater. Litt grunnleggjande kunnskap er heller ikkje å forakte, seier ein annan teatervenn, Astrid Hildur Malmin.
– Ungane er så vande med at dei kan spele ting opp igjen. Så når vi hadde med oss ein guttunge på fire år i fjor, så ville han ha repeatknappen for å sjå det ein gong til. Så dei treng å gå på teater for å sjå kva det er for noko, seier ho.