BEST I FYLKET: Grunnskuleelevane i Sogn og Fjordane gjer det best på skulen, men korleis er det for Årdal og Lærdal? Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BEST I FYLKET: Grunnskuleelevane i Sogn og Fjordane gjer det best på skulen, men korleis er det for Årdal og Lærdal? Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Elevane i fylket presterer betre enn landsgjennomsnittet

Sjekk korleis Lærdal og Årdal gjer det på statistikken.

Elevane ved grunnskulane i Sogn og Fjordane gjer det betre enn landsgjennomsnittet. Dette går fram av ein oversikt som Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserte nyleg.

Oversikta SSB publiserte er ei oversikt over karakterar ved avslutta grunnskule, og øvst på statistikken finn ein Sogn og Fjordan og Akershus. Sogn og Fjordane har hevda seg fleire gonger på dette området,  og dei nyaste tala syner at gjennomsnittet i fylket no er 41,5 grunnskulepoeng.

Grunnskulepoenga vert rekna ut ved at alle avsluttande karakterar som vert skrive på vitnemålet, vert lagt saman og delt på talet av karakterar sånn at ein får gjennomsnittet. Deretter vert gjennomsnittet ganga med 10. 

Dårlegare lokalt

Fylkesgjennomsnittet er, som nemnd tidlegare i saka, 41,5 grunnskulepoeng. Ei oversikt som utdanningsdirektoratet har offentleggjort syner ei meir detaljert oversikt over dei ulike kommunane i fylket. 

Denne oversikta syner mellom anna at Årdal kommune kjem dårleg ut og hamnar nest nedst med eit gjennomsnitt på 39,8 grunnskulepoeng. 

Lærdal kommune ligg tett under fylkesgjennomsnittet med 40,9 grunnskulepoeng. Det høyrer med at landsgjennomsnittet i år var 40,5 grunnskulepoeng, noko som syner at Lærdal kommune ligg godt over gjennomsnittet.

Artikkelen held fram under biletet.

IKKJE LIKE GODE: Årdal ligg eit lite stykke under fylkessnittet.
IKKJE LIKE GODE: Årdal ligg eit lite stykke under fylkessnittet.

Endrar seg frå år til år

For å kunne nytte desse gjennomsnittsresultata som indikatorar på kvalitet på den enkelte skule, må det vere tilstrekkeleg elevgrunnlag på skulen. Dersom det er få elevar på ein skule vil karakteren i større grad verte påverka av karakteren til enkeltelevar. 

På grunn av dette må ein sjå på data for fleire år dersom ein vil samanlikne resultata til fleire skular, eller samanlikne ein skule sine resultat med resultata på fylkesnivå eller nasjonalt nivå.

Dersom ein ser på eldre oversiktar frå SSB ser ein at dei ferske tala er dei dårlegaste tala frå Årdal på minst fem år. Seinast i 2012 var gjennomsnittet av grunnskulepoeng for Årdal kommune 0,2 poeng høgare enn fylkesgjennomsnittet. 

Det vert difor feil å konkludere med generell dårleg fagleg kompetanse blant elevar frå Årdal, då det vert tydeleg at gjennomsnittskarakteren for ein skule eller ein kommune endrar seg mykje frå år til år. 

Til toppen