BEST: Dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane får fleire elevar til å fullføra enn noko anna fylket i landet, her representert ved Sogndal og Årdal vidaregåande skule. Arkivfoto
BEST: Dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane får fleire elevar til å fullføra enn noko anna fylket i landet, her representert ved Sogndal og Årdal vidaregåande skule. Arkivfoto (Foto: Arkiv )

Elevane i Sogn og Fjordane er definitivt best i landet til å gjennomføra vidaregåande

Vel ni av ti elevar fullfører studiespesialiserande og nesten sju av ti fullfører yrkesfag på fem år. 

I dei studieførebuande utdanningsprogramma gjennomfører 91,3 prosent av elevane i Sogn og Fjordane innan fem år. Dei yrkesfaglege utdanningsprogramma har lågare grad av gjennomføring, der gjennomfører 66,8 prosent.

Det er to prosentpoeng betre enn dei nest beste fylka; Akershus for studiespesialiserande sin del og Rogaland for yrkesfag sin del.

Dette kom fram då Statistisk sentralbyrå la fram dei nyaste tala for gjennomføring i vidaregåande opplæring 1. juni.

Artikkelen held fram under tabellen

BEST: Tala i tabellen er tydelege. 
BEST: Tala i tabellen er tydelege. 

– Arbeider godt med ungdommane

– Tala viser at dei vidaregåande skulane arbeider godt med ungdomane. Elevane på yrkesfag har blitt flinkare til å skaffe seg læreplassar, bedriftene stiller opp med fleire læreplassar, og skulane støttar godt opp.

–Ekstra oppfølging av elevar og lærlingar som står i fare for å ikkje gjennomføre som følgje av stort fråvær eller låg motivasjon, kan ha innverknad på den gode statistikken, seier fungerande fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo i ei pressemelding.

– Motivasjon for vidare arbeid

Blant alle elevane som starta på vidaregåande opplæring – både studiespesialiserande og yrkesfag – i 2011, gjennomførte 78,6 prosent av dei opplæringa innan fem år. Det er to prosentpoeng fleire enn i 2010-kullet.

– Å få fleire til å gjennomføre, føreset samhandling og godt innarbeidde rutinar på og mellom alle nivå i opplæringsløpet. Å drive god opplæring er ein dynamisk prosess som krev at alle som er aktørar i dette arbeidet, er i utvikling. No er det viktig at alle held fram det gode arbeidet som er i gang. Statistikken kan vere grunnlag for vidare motivasjon i arbeidet med å auke gjennomføringa, slår Skinlo fast.

Akershus toppar statistikken når vi ser studiespesialiserande og yrkesfag under eitt, fordi dei har fleire ungdomar som går studieførebuande enn yrkesfag. Det er flest elevar som fullfører på studieførebuande.

Til toppen