LÅGAST FRÅVÆR: Elevane i Sogn og Fjordane er pliktoppfyllande og har lågast timefråvær i landet. Det er òg færrast elevar som sluttar i Sogn og Fjordane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LÅGAST FRÅVÆR: Elevane i Sogn og Fjordane er pliktoppfyllande og har lågast timefråvær i landet. Det er òg færrast elevar som sluttar i Sogn og Fjordane. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Elevane i Sogn og Fjordane har lågast fråvær i landet

Elevane i Sogn og Fjordane er pliktoppfyllande og har lågast timefråvær i landet. Det er òg færrast elevar som sluttar i Sogn og Fjordane.

Årdal: Utdanningsdirektoratet har lagt fram førebelse fråværstal for skuleåret 2016–17. Sogn og Fjordane er fylket med klart best resultat.

– Me har over fleire år no arbeidd systematisk med å redusere fråværet til elevane. Skulane jobbar godt med å følgje opp kvar enkelt elev. Som i resten av landet har fråværet gått ned etter at fråværsgrensa blei innført. Samstundes er reduksjonen her lågare enn i mange andre fylke, noko som truleg har samanheng med me har hatt lågt fråvær også tidlegare år, seier konstituert fylkesdirektør for opplæring, Tor-Einar Holvik Skinlo.

Medan timefråværet i Sogn og Fjordane er det lågast i landet, er heildagsfråværet om lag som det nasjonale snittet. Det typiske fråværet er tre dagar og seks timar per elev. Statistikken fortel kor mykje fråvær elevane vil få ført på vitnemålet sitt for inneverande skuleår.

I skuleåret var det også berre 2,3 prosent av elevane på dei vidaregåande skulane som slutta. Dette er det lågaste av alle fylka i landet.

– Dei tilsette på dei vidaregåande skulane er tettare på elevane enn nokon gong. Når eleven står i fare for å slutte, blir det sett i verk tiltak for å hjelpe han eller ho, seier Skinlo.

Til toppen