Lærdal: På leikeplassen utanfor Lærdalsøyri skule stod tysdag endeleg dei nye leikane ferdig installerte.
Eit nytt huskestativ og klatrestativ var blant dei nye innskota.
– Leikane som stod der var gamle og hadde blitt utslitne. Det var stort behov for utskifting, seier einingsleiar og rektor ved skulen, Solveig Grøthe til Porten.no.
Tysdag hadde dei ei enkel opning av leikane.
– Ungane har gleda seg skikkeleg, dei har gått og sett på arbeidet som har blitt gjort i løpet av hausten. Dei var kjempespente på å få prøva ut dei nye leikane, seier ho.