SKJOLDEN OPPVEKSTSENTER: Heile skulen får syna fram kva dei har jobba med i ulike fag.
SKJOLDEN OPPVEKSTSENTER: Heile skulen får syna fram kva dei har jobba med i ulike fag. (Foto: Gøril Urdahl)

Elevane tykkjer det er stas med kulturøkt: – Ein lang tradisjon på skulen vår

Det fortel rektor, Ellen Havellen, på Skjolden Oppvekstsenter.

Skjolden: Fredag synte elevane fram mykje ulikt fagleg innhald for både foreldre, besteforeldre, lærarar, og medelevar.

– Målet med kulturøkta er å syne fram det elevane har jobba med den siste perioden, og det betyr mykje for oss å få synt det fram, seier Havellen. 

Tradisjon i over 10 år 

Ho legg vekt på at det er meir motiverande for elevane å jobba med noko dei veit skal brukast til noko. 

– Me presenterer frå scena og stiller ut ulike produkt i klasseromma. Denne gongen synte me kva me har jobba med sidan vinterferien. 

Kulturøkt arrangerar dei før kvar ferie skulen har, og det har vore ein tradisjon i over ti år ved skulen på Skjolden. 

KONFERANSIER: Desse to karane var konferansierarar og leia programmet. Foto: Wenche Weka

– Eg som rektor er utruleg stolt over det arbeidet elevane legg ned, og det dei produserar saman med lærarane. Det er mykje ulikt dei presenterar, og det gjev rom for god djubdelæring og ein meir heil undervisning.

Med fortida inn i framtida 

Denne perioden har skulen jobba med temaet "Med fortida inn i framtida". 

– Då handla det om fortida med nasjonalromantikken, og elevane har blant anna måla måleri etter inspirasjon frå Flintoe.

Dei har òg satt fokus på framtida med eigne lesarinnlegg som skal skapa engasjement. 

– På denne måten jobbar me med å nå kompetansemåla i læreplan. Kulturøkta er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel for å syna fram noko motiverande som dei har jobba for og nådd. 

Elevane har hatt kyllingar som tema no fram mot påske, noko dei løyste med å ruga fram eigne påskekyllingar i rugemaskin. Barnehagen ved oppvekstsenteret lærde dermed ein song om kyllingen, og fekk på den måten vera med på kulturøkta. 

– Dermed blir borna i barnehagen vand med å stå på ei scene framanfor folk frå dei er små, seier Havellen. 

Lagde heilt nye matrettar 

Denne gongen serverte elevane mat på kulturøkta, og det var ikkje berre kva som helst type mat. 

– Dei har laga eigne kreative produkt, hatt spørreundersøking i klasserommet og fått vite kva kombinasjonar klassekameratane likar. 

NY RETT: Yoghurt og frukt i ei appelsin. Foto: Ellen Havellen

Det vanka både appelsin med yoghurt, jordbær og honning oppi, muffins med paprika og jordbær, samt nachos-bollar med mykje fyll inni. 

– Eg fekk berre smakt på appelsina, for alt det andre blei rive vekk med ein gong. Det er mykje læring i det òg som berekning av mat, laga budsjett, og finna opp nye oppskrifter. 

Og pengane som dei sit att med etter salet av eigenkomponert mat  går til å finansiera skuletur. 

Til toppen