Årdal: - Dei har vore med på fôring, stell av dyra, sett opp grinder og jobba med gjerdingar, flytta sauer frå eitt beite til eit anna, hatt natursti og smakt på fenalår, seier sauebonde Ole Bjarne Hovland.
Ein dag som bonde er eit opplegg i regi av Bondelaget der 8. klassar rundt om i landet får ein dag på ein gard i nærmiljøet.
Læring i praksis
For 8. klasse på Tangen skule vart denne dagen avvikla på Hovland gard i Vikadalen.
- Tanken er først og fremst å informera elevane om kva norsk landbruk produserer. Og det har vore ein veldig bra dag, sjølv om me fekk ei hending då det vart gløymd å lata att ei grind under naturstien, seier Hovland.
Noko som førte til at ein del av sauene tok seg over på eit anna beite og flokken vart delt. Etter nokre smått kaotiske minuttar fekk likevel elevane med kyndig rettleiing frå Hovland samla sauene og ført dei saman att.
Artikkelen held fram under biletet

- Dei fekk sett i praksis kor viktig det er å lata att grindene, kan du seie, humrar sauebonden.
Naturstien bestod naturlegvis av spørsmål om norsk landbruk. Ikkje alle hadde heilt kontroll på kor mange spener det er på ei geit eller kva ein drøvtyggar er.
Bratt læringskurve
Men når Hovland går gjennom fasiten viser det seg at dei fleste har kontroll på kva dyr mjølka i snøfriskosten kjem på.
- Det er jo bilete av ei geit på pakningen, kjem det turt frå ein av elevane.
Artikkelen held fram under biletet

Men at læringskurva har vore bratt er tydeleg.
- Kva visste de om sauer frå før?
- At dei har fire føter, seier Ingeborg Dale Kjærvik.
- Og at me får pinnekjøt frå sauen, held ho fram.
- Kva har vore artigast i dag?
- Å mata lamma, seier Camilla Fredheim.
- Og å gå naturstien, seier Edin Turkovic Alme.
- Kunne de tenkja dykk å bli bønder?
- Det er veldig hardt arbeid. Så blir ein jo veldig sterk. Det verkar jo spennande, men eg trur kanskje ikkje eg blir bonde, seier Dale Kjærvik.
- Kva tykte de om fenalåret, då?
- Det var fantistisk, er dei tre samde om.