HÅPAR VERKSEMDER VIL GJE GAUM PÅ OPPFINNINGA: Elevane ved andre klassen på sal og service-lina på Årdal vidaregåande skule. Her illustrerer dei korleis oppfinninga skal trykka i hop bos. I Årdal går både papir, plast og matavfall i det alminnelege boset, og oppfinninga skulle dermed vera særskilt aktuell i Årdal.
HÅPAR VERKSEMDER VIL GJE GAUM PÅ OPPFINNINGA: Elevane ved andre klassen på sal og service-lina på Årdal vidaregåande skule. Her illustrerer dei korleis oppfinninga skal trykka i hop bos. I Årdal går både papir, plast og matavfall i det alminnelege boset, og oppfinninga skulle dermed vera særskilt aktuell i Årdal. (Foto: Knut Bordal/ Årdal vidaregåande skule)

Elevar i Årdal håpar å få kommersialisert oppfinninga si

Skulle det ikkje gå i boks, so har dei hatt det kjekt med prosjektet og lært mykje både om samfunnet og om å etablera ei verksemd. 

Fakta om 2SSA

  • Andre klasse på lina Sal og Service på Årdal Vidaregåande skule
  • Det andre året er òg avgangsåret, som munnar ut i at dei får fagbrev. 
  • Eit av faga dei har i andre klasse er Yrkesfagleg fordjuping (YFF). Innleiingsvis i skuleåret vart kvar av elevane utplassert i ei lokal verksemd gjennom ei veke. Her hausta dei verdfulle røynsler og knytte kontaktar i det lokale næringslivet. Døme på bransjar elevane var utplasserte i er bank, butikk, bustadbyggjelag eller Hydro i Årdal. 
  • Hovudfokuset i faget ligg i at elevane skal starta si eiga ungdomsbedrift, og sjå kor langt dei klarar å koma med å realisera bedrifta før skuleåret er omme. 
  • Dei siste åra har elevar ved 2SSA på Årdal VGS freista å laga bedrifter basert på oppfinningar dei har gjort. Til dømes fann avgangselevane i 2015 opp ei sireneløysing. Det var ei sirene som fyrstehjelpspersonale på store cruisebåtar kunne ha på seg for å få folk til å trekka unna når akutt sjuke skal takast hand om
  • Årets avgangselevar freistar òg å byggja opp ei verksemd og eit aksjeselskap på grunnlag av ei oppfinning dei har gjort, og som dei drøymer om å få sett i masseproduksjon

Årdal: Dei siste par åra har elevane på Sal og Sørvis-lina på Årdal vidaregåande skule freista å laga bedrifter bygd på oppfinningar. 

Trine Lomheim går no i andre klasse på denne lina. Ein gong ho såg mora si pressa ned boset for å få plass til meir i bøtta, fekk ho ein idé.

– Eg tenkte at det er ekkelt å pressa ned boset med hendene. Og so kom eg på at det hadde vore fint å hatt ei høveleg plate tilgjengeleg, med eit handtak på. Slik ville ein lettare få trykt ned boset.

Klassen hennar skulle starta elevbedrift, sidan dei går siste året på sal- og servicelina på Årdal vidaregåande skule. So ho la fram idéen for klassen. 

Medeelvane vart til sist samde om å satsa på ideen.

No ser dei om dei kan klara å  kommersialisera dette loket til å pressa saman bos med. 

Håpar at bedrifter kan sjå sitt snitt til å promotera seg sjølve

I fellesskap kom elevane fram til eit brett med handtak som vonleg kan produserast i aluminum. Denne plata med handtak kan so hengja fast i ein magnet på innsida av kjøkenskåpet. 

OPPFINNINGA: Omlag slik ser loket som skal pressa ned boset ut. Elevane teikna det, og so teikna Frode Nilssen det inn på 3D-teikneprogram på dataen. Protomodellen som han har 3D-prenta er i miljøvenleg plast, men elevane ser for seg å masseprodusera modellen i aluminium.  Foto: Frode Nilssen

Elevane håpar at verksemder kan ha interesse av å ha logoen sin på plata.

Ofte ser ein kulepennar med logoane til ulike verksemder på. Verksemdene får i somme tilfelle produsert pennar for seg for å ha logoen sin på dei. På same vis vonar elevane at bedrifter kan kjøpa opp slike plater, og gje til kundane sine med deira logo inngravert. 

Kontaktar folk og verksemder 

Då dei hadde teikna ein modell over ideen sin, høyrde dei med Frode Nilssen om han kunne produsera ein modell av oppfinninga deira. Han har si eiga 3D-prentarverksemd, og han fekk laga ein prototype i plastmateriale. 

EVOLUSJON: Fremst på biletet sit økonomiansvarleg Ronja Hovland (t.v) og den daglege leiaren Trine Lomheim. Lomheim held det 3D-prenta sisteutkastet til produktet i hendene, medan Hovland held den fyrste protomodellen dei laga. Til den tok dei i bruk eit gamalt dørhandtak! Bak, f.v: Amanda Tufte, Maiken Hestetun Jakobsen, Marlene Avdal Semstrøm, Arve Myrland og Tøger Rønningen.  Foto: Snorre Sandemose

Deretter tok dei kontakt med det nasjonale forskingssenteret SINTEF, der dei fekk god respons. Innovasjon Norge var òg positive, og det same var Årdal utvikling. 

No gjenstår det å snakka med Hydro om dei kan produsera oppfinninga for dei. Og so skal dei snakka med miljødepartementet og høyra om dei er interesserte.

Dei ser òg føre seg å ta kontakt med SIMAS, det interkommunale renovasjonsselskapet for Indre Sogn, og høyra om dei er interesserte i å tilby produktet til kundane sine. 

Vegen vidare

Skulle dei få ein avtale om masseproduksjon, so dannar dei eit aksjeselskap. Men vegen dit kan vera lang. 

– Me lyt vera tolmodige, men eg synest me har har kome langt på kort tid, seier dagleg leiar Trine Lomheim. 

EI FINFIN BLEKKE: Klassen har formidla både forretningsidé og forretningsplan i eit tjue siders tjukt skriv. Logoen deira er den grøne dropen, som dei dels kom på sjølve. Men dei har fått bistand frå Årdals-verksemda Printfarm til å skapa logoen slik han er no.  Bilde: Snorre Sandemose

Både ho og heile klassen synest det har vore lærerikt so langt å starta ei bedrift, registrera seg i Brønnøysundregisteret, avtala forretningsmøte, laga budsjett, priskalkylar, marknadsføringsplanar og mykje anna.

Faktisk var dei litt overraska over kor mykje det er å setja seg inn i når ein skal starta bedrift. 

På botnen av alt ligg eit godt samhald i klassen, og dei gjer vinn på å inkludera alle i prosessen og elles finna på ting saman og hyggja seg. 

– No står me betre budd til å vera med og etablera bedrifter seinare. Me veit korleis me skal gjera ein del ting. Det er meir spanande enn me hadde trudd. Og so er det morosamare å stabla eit slikt prosjekt på beina, enn berre å lytta og læra pensum og skriva eksamen, seier Lomheim. 

Til toppen