PRAKTISK LÆRING: Onsdag hadde elevane på Tangen skule i Årdal bytt ut bøker med praktisk læring då dei vitja økoskulen i Aurland.
PRAKTISK LÆRING: Onsdag hadde elevane på Tangen skule i Årdal bytt ut bøker med praktisk læring då dei vitja økoskulen i Aurland. (Foto: Privat)

Elevar frå Årdal fekk læra om økologisk landbruk

Det er ikkje ofte du får læra om berekraftig agurkdyrking, laga bærsuppe og klappe ein sau på ein og same dag.

Aurland/Årdal: – Elevane storkosa seg. Dei tykte det var kjekt å læra korleis dette med økologisk landbruk og berekraftig utvikling fungerer i praksis, ikkje berre lesa om det i teoriboka, seier Lillian Stedje, mat- og helselærar på Tangen skule i Årdal.

TID FOR MAT: Foto: Privat

Onsdag var ho og elevane på besøk til økoskulen i Aurland for å læra om korleis dei brukar økologiske prinsipp for å dyrka fram maten me et.

– Det er fint å få sjå at det går an å dyrka mat utan sprøytemiddel, seier Stedje.

– Det er òg viktig å vita kvar maten kjem frå, at det ikkje berre er å kjøpa han i butikken, men at det trengst menneskehender for å dyrka han fram, seier Stedje.

Ho seier elevane fekk fleire aha-opplevingar, for eksempel når dei fekk høyra kor mykje arbeid det krevst berre å dyrka fram ein agurk.

Elevane fekk òg testa seg i praksis, dei fekk vera med å planta og så frø til ulike grønsaker, dei fekk møta dyra på garden, dei plukka salat og laga mat.

– Det var eit kjempeopplegg. Me må ta vare på jorda vår for dei komande generasjonar. Her fekk me eit innblikk i korleis me kan gjera det i praksis, seier Stedje.

Til toppen