PÅ BESØK: I slutten av januar og byrjinga av februar tilbragte elevar ved Årdal vidaregåande skule to veker på Island for å studere arbeidslivet på sagaøya. Foto: Privat.
PÅ BESØK: I slutten av januar og byrjinga av februar tilbragte elevar ved Årdal vidaregåande skule to veker på Island for å studere arbeidslivet på sagaøya. Foto: Privat.

Elevar utforska arbeidslivet på Island

Fem elevar frå Årdal vidaregåande skule besøkte Reykjavik for å utforske arbeidslivet på Island. 

  • Endret

Denne saka er laga av skuleavisa Innblikk, som Porten.no samarbeidar med om stoff. Besøk skuleavisa her

Årdal: Dei fem elevane hadde med Marit Røyrvik Eldegard og Terje Øren. Programmet for opphaldet var å besøke ein maritim skule, eit kraftverk og eit aluminiumsverk.

Elevane var på besøk i heile to veker. På skulen fekk dei sjå på arbeid som blir gjort rundt båtmotorar. Dei deltok også i undervisning, og fekk prøve seg på inventor teikning, kjemiforsøk og elles vanleg elektrofag.

– Eg tykkjer det var spanande å oppleva noko eg ikkje hadde kunnskap om frå før. Det var også kjekt å prøve seg på nye praktiske oppgåver. Enkelte ting var vanskeleg å forstå, etter som ein del av undervisninga gjekk føre seg på islandsk, fortel Are Håland Einan ved 2KPA.

Artikkelen held fram under biletet.

Oppe fr.v: Jens Lysne (3AUA), Marit Røyrvik Eldegard, Terje Øren
Nede fr.v: Are Håland Einan (2KPA), Sander Myren (2KPA), Mikkel Tefre (3AUA) Håvard Einevoll (3AUA)

Siste fredag i januar besøkte dei det geotermiske kraftverket i Reykjavik. Her fekk dei sjå korleis Island utnyttar kraft frå steam for å få elektrisk straum og korleis dei utnyttar grunnvatn og jordvarme for oppvarming av heile Reykjavik.

Ei veke etter besøkte elevane eit aluminiumsverk. På det 18 år gamle verket fekk dei eit innblikk av topp moderne teknologi. Verket har ein produksjon som liknar den som er i Årdal og er kjent for å ha verdas lengste elektrolysehall.

– Eg tykte me vart svært godt tatt imot i dei to bedriftene. Det var mest interessant på aluminiumsverket, med tanke på at me driv me det same heime. Eg er heller ikkje så veldig interessert i båtmotorar, men det var ganske spanande likevel.

Turen var ikkje berre skule og arbeid. Gjengen leigde ein eigen bil og reiste på sightseeing ein heil dag. Her opplevde dei den vakre naturen i Island. Elevane fikk oppleva både geiserar og bading i den blå lagune.

– Alt i alt så sit eg att med eit svært godt inntrykk av turen. Eg fekk eit innblikk av annan type teknologi og fekk sett svært mykje fin natur. Eg oppmodar andre til å nytte seg av sjansen til å reise på ein slik tur.

Til toppen