Sogndal: Den siste veka har politiet fått inn fleire meldingar frå elevar på vidaregåande i Sogndal som har blitt fråstole mobiltelefonar, kontantar, bankkort og datamaskiner på skulen.
Politet i Sogndal gjekk i dag ut på Facebook og ba om tips i saka.
– Me har vel mottatt omlag ti meldingar om tjuveri frå elevar på skulen, seier regionlensmann Johannessen.
– Kor uvanleg er det med slike tjuveri her i Sogn?
– Dette er svært uvanleg hos oss. Det er sjeldan me har meir enn enkeltståande hendingar. Ti meldingar på èi veke frå same skulen er svært uvanleg, seier Johannessen.
Les også: Kom på jobb og oppdaga at tjuvar hadde vore i butikken hans
Regionlensmannen ser ikkje vekk frå at enno fleire verdisaker har blitt stolne. Difor har politiet òg lagt ut meldinga på Facebook der dei både ber om tips og oppfordrar fleire om å melde frå dersom dei har mista noko.
– Tradisjonelt så er vinningskriminalitet blant det som er dårlegast oppklaringsprosent på. For all del, me har absolutt døme på at me klarer å spora opp gjerningsmannen i slike saker òg. Men me er ofte avhengige av tips og observasjonar frå publikum, seier Johannessen.