SPREIDDE GLEDE: Onsdag morgon, før fyrste time, hadde elevrådet ei overrasking på lur åt alle elevane. Dei hadde teke på jolemusikk, og serverte gratis vaflar og saft til alle. Med det rosa og det svarte vaffeljarnet steikte dei 200 vaflar. Frå venstre: Kaia Røneid, Jon Atle Rise og Trine Lomheim.
SPREIDDE GLEDE: Onsdag morgon, før fyrste time, hadde elevrådet ei overrasking på lur åt alle elevane. Dei hadde teke på jolemusikk, og serverte gratis vaflar og saft til alle. Med det rosa og det svarte vaffeljarnet steikte dei 200 vaflar. Frå venstre: Kaia Røneid, Jon Atle Rise og Trine Lomheim. (Charlotte Skarsbø)

Elevrådsstyret i Årdal skapte stemning på morgonkvisten

Dei både serverte vaflar og spela musikk, og gav dei andre elevane og seg sjølve ein særskilt fin morgon tysdag.

Årdal: – Alle var overraska over at me stod der. Me hadde ikkje sagt til nokon at me kom til å vera på pletten og varta opp med vaflar om morgonen, fortel elevrådsleiaren på Årdal Vidaregåande skule, Jon Atle Rise.

Dei hadde òg på jolemusikk. Rise sjølv og kameraten Tøger dansa til musikken, og elevane åt vaflar og lo og fekk ein god start på dagen. 

– Me stod opp tidleg, kom klokka kvart over sju til skulen og gjekk i gong med å steikja røra som miljøkoordinator Charlotte hadde laga i stand, fortel Rise.

Han og dei andre i elevrådsstyret steikte vaflar fram til klokka halv ti. 

EIN GOD MORGONBISKEN: Elevane vart glade for synet og lukta av vaflar som møtte dei då dei kom inn skulebygget tysdags morgonen. Lite visste dei før dei kom fram til skulen kva for gledeleg overrasking elevrådsstyret hadde på lur åt dei.
EIN GOD MORGONBISKEN: Elevane vart glade for synet og lukta av vaflar som møtte dei då dei kom inn skulebygget tysdags morgonen. Lite visste dei før dei kom fram til skulen kva for gledeleg overrasking elevrådsstyret hadde på lur åt dei. Charlotte Skarsbø

– Det første som møtte elevane om morgonen då dei kom inn i skulebygningen var den gode vaffellukta, seier Rise, og det var nett slik han hadde tenkt det.

Han fortel om ein kald og bister haustdag for ei tid sidan, då det slo han at det hadde vore godt med vaflar: 

– Det var då eg fekk ideen, den dagen det blåste so kraftig og var so bitande kaldt samstundes. Då tenkte eg at det hadde vore herleg med ein vaffel, og at alle burde få seg ein vaffel. Neste dag tok eg ideen til elevrådsstyret, og alle var samde om at dette må me få til, seier Rise.

Elevane sette pris på tiltaket

Synne Haug og Mats Kauppi er to av elevane som vart overraska av vaflane denne morgonstunda: 

– Det var ein fin start på dagen, seier Haug. 

– Det var godt, seier Kauppi, og so legg han til: – Det vart god stemning i klasserommet i fyrste timen då me hadde med oss vaflar inn. 

Kauppi fortel òg at det vart ei fin lita sosial stund før fyrste timen byrja òg. Og det var òg litt av poenget med tiltaket:

– Me hadde jamvel avtala med lærarane, at dersom nokon kom heilt i siste liten til fyrste time, so skulle dei få seg ein vaffel likevel, og få koma ein minutt for seint til timen, seier elevrådsleiar Rise. 

Til toppen