ORDFØRARKANDIDAT: Elin Hauge (AP) frå Skjolden kan bli Luster sin fyrste kvinnelege ordførar.
ORDFØRARKANDIDAT: Elin Hauge (AP) frå Skjolden kan bli Luster sin fyrste kvinnelege ordførar. (Foto: Arkiv)

Elin kan bli den fyrste kvinnelege ordføraren i Luster: – Det er på tide med eit skifte

Torsdag blei ho samrøystes valgt som Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat.

 Luster: – Eg er jo beæra over å få den tilliten, seier Hauge. 

Arbeidarpartiet hadde nominasjonsmøte torsdag og valgte Hauge, samt Morten Johan Vigdal til fyrste- og andreplass med kumulering. 

PÅ TOPP: Elin Hauge og Morten Johan Vigdal. Foto: Svein Tore Heltne

Etter dei finn me Odd Atle Stegegjerdet og Vivian Kvam på henholdsvis tredje- og fjerdeplass. 

Hauge: – På tide med eit skifte 

No ser ho fram til mykje god politikk, og valkamp fram mot kommunevalet neste haust.

– Me går spanande tider i møte no.

Arbeiderpartiet har ikkje hatt ordførar i Luster kommune sidan 2003, og sidan 2011 har Ivar Kvalen og Senterpartiet styrt skuta.

– Ivar har gjort ein god jobb han, men det er på tide med eit skifte no. Me i Arbeiderpartiet ynskjer jo eit skifte, det gjer vel dei fleste partia, seier Hauge. 

Ho meiner òg at det er på tide med kvinneleg ordførar i kommunen no.

– Det er absolutt på tide med kvinneleg ordførar, men eg ser at det kanskje er ei utfordring for det er mange fleire menn som blir nominert på fyrsteplass enn det er kvinner. Det er viktig at òg kvinnene er på topp, dei skal ha ei stemma på lik linje med menn.

Kampsaker 

OVERSIKT: Kommunevallista 2019 i Luster kommune. Kollasje: Privat

Hennar kampsak fortel ho, utan tvil, er at ungane og ungdomane i kommunen skal ha det godt.

– Eg brenn for ungane og ungdomen vår si framtid, for det er dei som er framtida vår. Det er viktig for meg at Luster er ein god plass å bu for alle, at alle ungar skal bli sett, at dei skal få like rettar til å delta på aktivitetar uavhengig av kven dei er og kvar dei kjem frå. 

I tillegg er nok ressursar i barnehagane og skulane viktig for ho. 

– Me må ha nok ressursar til å kunne førebygge i forhold til dette med sosiale utfordringar i forhold til lese- og skrivevanskar, i forhold til rus, psykisk helse, og fråfall i vidaregåande skule. Dei tinga brenn eg for altså, seier Hauge. 

Til toppen